Hopp til innhold

Milliardar spart på reiseutgifter

Rune Hana hadde opp mot 200 reisedøgn i året før pandemien. I fjor sat han nesten berre på heimekontor.

Rune Hana på hjemmekontor

HEIMEKONTOR: Rune Hana har installert seg godt for å jobbe heimanfrå.

Foto: Privat

Vanlegvis reiser 36-åringen frå Vinje verda rundt i jobben i offshoreindustrien. Brått vart kvardagen heilt annleis.

– Det vart totalt slutt på reiser på kort varsel.

Etter 12. mars har Rune Hana hatt 60 reisedøgn. Resten av tida er brukt på heimekontor.

– Til tider har det vore einsamt. Eg saknar å vere ute i felt, og saknar kollegaene mine.

Sparer mykje

Flyreiser, kurs og konferansar er bytt ut med heimekontor og digitale møte.

Mange av bedriftene i landet har spart mykje pengar på reisebudsjetta sine i 2020.

  • Norsk Hydro: brukte 42, 7 millionar mindre enn året før
  • Statkraft: 45 prosent nedgang i reiser
  • Telenor: 64 prosent nedgang i reiser
  • DNB: 90 prosent nedgang i reiser
  • NRK: brukte 69 millionar mindre enn året før
  • Norgesgruppen: 80 prosent nedgang i flyreiser
  • A-media: brukte 14 millionar mindre enn året før
  • Equinor: ønskjer ikkje å talfeste reduksjonen, men har hatt betydeleg redusert reiseverksemd

Den norske delen av industriselskapet Hydro brukte over 52 millionar kroner på flyreiser i 2019, mot 9,9 millionar i 2020.

Hydro har verksemd i store delar av Noreg og globalt.

– Det resulterer i eit behov for ein del flyreiser. I 2020 så vi at talet på flyreiser vart betydeleg reduserte som følgje av covid-19, seier Einar Stabell, kommunikasjonssjef i Norsk Hydro.

Einar Stabell, kommunikasjonssjef i Hydro.

NORSK HYDRO: Einar Stabell, kommunikasjonssjef i Hydro.

Foto: www.gudim.no

Tal frå Statistisk sentralbyrå stadfestar det bedriftene viser til. Talet på jobbreiser i 2020 er halvert samanlikna med same periode året før.

Den nye normalen

Fleire av dei største bedriftene i landet seier at dei ikkje vil gå tilbake til reisevanane dei hadde før pandemien. Det betyr truleg ein ny kvardag for mange arbeidstakarar.

Bedrifter har fått opp auga for nye digitale løysingar. Fleire ser moglegheiter for å både spare pengar og redusere klimagassutslepp.

Telenor skal vere karbonnøytrale innan 2030. Færre reiser reduserer òg tidsbruken.

– Det betyr betre balanse mellom arbeid og fritid, og ein meir fleksibel arbeidskvardag. Vi ser at dette er ein meir berekraftig måte å jobbe på, seier HR-direktør i Telenor Noreg, Anne Flagstad.

I Norsk Hydro har tilsette framleis behov for å møte kvarandre ansikt til ansikt, men bedrifta ser for seg færre reiser i framtida.

– Fjoråret viste oss òg at det er mogleg å gjennomføre mange møte og samlingar via digitale tenester. Vi forventar at bruken av dette vil halde fram, seier Stabell.

Finanskonsernet DNB ser moglegheiter til å endre reisevanane på lang sikt.

Frå no av vil dei alltid tilby digitalt oppmøte. Dei har erfart at mange møte som før var fysisk, like gjerne kan løysast elektronisk.

Alle tilsette må òg vurdere om ei tenestereise er heilt nødvendig.

– Vi har ein ambisjon om å halvere talet på tenestereiser i DNB samanlikna med tida før pandemien, seier Brita Alsos, divisjonsdirektør i People i DNB.

Brita Alsos DNB

DNB: Brita Alsos, divisjonsdirektør i People i DNB.

Foto: Stig B. Fiksdal

– Tøffe tider

Restriksjonane under pandemien har vore vanskeleg for norske bedrifter som lever av at vi møtest på kurs og konferansar.

– Det er tøffe tider for reiseliv, seier Kjersti Aastad, politisk rådgivar i NHO Reiseliv.

Ifølgje tal frå NHO Reiseliv har norske næringar brukt 8 milliardar mindre på forretningsreiser i Noreg i 2020.

– Sjølv om bedriftene har mindre budsjett til reising no, trur vi at dei kjem tilbake til reiselivsbedriftene igjen.

Året med heimekontor har vore greitt. Likevel gler Rune Hana seg til å møte kollegaer igjen. Men han tippar det blir færre jobbreiser i framtida.

– Etter korona merkar ein at ein del av reisinga kanskje var unødvendig. Ein god del ting får ein løyst kvar som helst i verda, så lenge det er god internett-tilkopling.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark