Hopp til innhold

Miljørørsla samlar seg om gruveprosjekt: – Mykje mindre risiko

Fem miljøvernorganisasjonar meiner regjeringa har sett seg blinde på mineralutvinning i havet. No peiker dei ut eitt gruveprosjekt på land som eit betre alternativ.

Dronefoto steinboring

FENSFELTET: Eit mineralprosjekt i Telemark kan bli Europas største i sitt slag.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

FENSFELTET: Eit mineralprosjekt i Telemark kan bli Europas største i sitt slag.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Miljørørsla i Noreg har fått ei ny felles kampsak. Utvinninga av havbotnmineral.

Reaksjonane har vore sterke etter at Regjeringa fekk med seg Høgre og Frp på eit forslag om å opne for å leiting etter mineral på botnen av havet.

– Eg blei heilt frå meg da avgjerda kom, seier leiar i Framtiden i våre hender Anja Bakken Riise.

Kritikken frå miljøorganisasjonane går på at styresmaktene ikkje har nok fagkunnskap om mineral på havbotn, og at risikoen for miljøet difor er for høg.

Bellona meiner også at regjeringa framstiller mineral i havet som einaste alternativ til å løyse mineralkrisa.

Områder regjeringen vurderer å åpne for leting etter havbunnsmineraler.

Området regjeringa vil opne for leiting er på 281.000 kvadratkilometer og ligg i Barentshavet og Grønlandshavet.

Foto: Oljedirektoratet / NPD

Miljørørsla ser no til Fensfeltet i Telemark som eit betre og tryggare alternativ.

– Fensfeltet er ein av Europas største førekomstar av sjeldne jordarter. Likevel ser me at pengane og merksemda går til mineral i havet, seier Martin Melvær i Bellona.

Fensfeltet

Behovet for mineral i verda er stort.

Fensfeltet er eitt av dei mest profilerte prosjekta på land grunna eit stort potensial for sjeldne metall. Metall som er avgjerande for å produsere framtidas teknologi.

Metalla er kjend som Rare Earth Elements (REE).

Det er ikkje mogleg å produsere korkje elbilar, mobiltelefonar eller forsvarsmateriell utan desse metalla. Europa er desperate etter å bli meir sjølvforsynte på dette området. I dag er vesten avhengige av import frå Kina.

Gruveselskapa som opererer på Fensfeltet i dag planlegg for ei underjordisk gruve som dei hevdar vil bli mykje meir berekraftig enn tradisjonell gruvedrift.

Miljørørsla samlar seg

Bellona har lenge vore positive til Fensfeltet. Gruvedrift på land har også vore omstridd tidlegare, men Melvær opplever at dei andre miljøvernorganisasjonane har teke innover seg behovet for mineral i framtida.

– Det er mykje mindre risiko knytt til Fensfeltet samanlikna med mineral på havbotn, seier Melvær.

NRK har kontakta fleire av dei største miljøorganisasjonane i landet. Dei er generelt skeptiske til det dei skildrar som unødvendig gruvedrift, men alle er positive til prosjektet på Fen.

Men er det slik at miljørørsla no berre brukar Fensfeltet som eit skjold i kampen mot mineralutvinning på havbotn? Framtiden i våre hender, Naturvernforbundet og Zero avviser dette når NRK spør.

Natur og ungdom er derimot tydlege på at dei ønsker å prioritere Fensfeltet på kostnad av havbotnmineral.

– Ja, det kan vere litt sånn. I tilfellet med Fensfeltet er det viktig nok å ta ut desse minerala. Men me ventar at prosjektet blir følgt opp og skjer på ein mest mogleg berekraftig måte, seier Sigrid Margrethe Hoddevik Losnegård i Natur og ungdom.

Vil grave til havs og til lands

Olje- og Energiminister Terje Aasland vil ikkje gå med på at ein set havmineralsatsinga og Fensfeltet opp mot kvarandre.

– Det handlar ikkje om anten eller. Det handlar om dei moglegheitene me har for å utvikle mineral på ein mest mogleg berekraftig måte. Me treng begge delar.

– Bellona meiner du framstiller havbotnmineral som einaste alternativ på mineralkrisa?

Fensfeltet

Fleire gruveselskap har prøvebora på Fensfeltet i langt tid. Her ser me borekjernar som blei henta ut frå feltet i haust.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Da har ikkje Bellona høyrd kva eg har sagt. Eg har lenge vore ein forkjempar for mineralutvinning på land. Men eg vil at me skal bidra i ein større samanheng, og da må me vinne ut mineral fleire stader på ein mest mogleg berekraftig måte.

At miljørørsla er positive til Fensfeltet seier statsråden han er glad for.

– Eg håpar dei framleis er positive når eventuelle konsesjonssøknader og liknande skal på plass. Det er oftast da motstanden kjem, seier Aasland.

Naturvernforbundet og Bellona fryktar også at pengane og merksemda vil gå i favør av havet og øydelegg for prosessen på Fensfeltet.

– Det er eg heilt ueinig i, seier Aasland.

Terje Aasland under COP28 i Dubai

Olje- og energiminister Terje Aasland har måtta stå i mykje kritikk etter nyheita om havbotnmineral kom.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK