På treningsområdet på Vestfold golfklubb stiller Havnaas seg opp for å slå. Med solbrillene på ser ho ned på ballen, men ho ser berre nokre lyskontrastar, ikkje noko meir.
Ho er ein av få paragolfspelarar i Noreg og har fått klubben til å arrangere golfkurs for svaksynte og blinde.
– Det er mange rare reaksjonar på banen. Mange har også sagt at «dette kjem til å ta tid». Men det gjer ikkje det. Vi bruker ikkje lengre tid enn dei andre, seier Havnaas.
– Vi trur det er første gong i Noreg det har blitt arrangert eit fullt kurs for svaksynte, fortel golftrenar i klubben, Thomas Lysgaard.
Vart sjuk av smertestillande
I vaksen alder fekk Havnaas ein autoimmun reaksjon av den smertestillande medisinen Ibumetin. Medikamentet blir hovudsakleg brukt for smertelindring og som febernedsetjande.
Ho vart sjuk i 1996 og er i dag nesten heilt blind. Ho er i det Verdshelseorganisasjonen definerer som kategori fire, av totalt fem kategoriar.
– Maks uflaks, men det er ikkje noko eg får gjort noko med, fortel Havnaas om utfallet av å bruke medisinen.
Ektemannen tok henne etter kvart med på golfbanen og gav henne ei kølle.
– Og eg trefte jo ballen!
På banen treng ho derimot litt hjelp. Og her kjem mannen hennar inn.
– Det handlar om små justeringar. Eg finn retninga og seier talet på meter, men Mette må ha lengdekontrollen, fortel Birger Moe.
Han blir ofte imponert over det han ser.
– Ho tek dei fleste utfordringar. Vi har gått i fjella i Nepal på 4000 meter høgde. Det er ingenting som stoppar ho, seier han.
– Liten oppsving
Kurset på Vestfold golfklubb er etter det Norges Golfforbund veit det første kurset der ein berre har invitert synshemma deltakarar med følgje.
– Golf for synshemma har fått eit lite oppsving denne sesongen, og eg vil tru mykje av dette kjem Mette av og framsnakkinga hennar av golf, seier Gøril Hansen, Inkluderingskonsulent i Norges Golfforbund til NRK.