Hopp til innhold

Meiner nytt testsenter for bilindustrien øydelegg for elgen

Testsenteret blir plassert i eit område på Notodden som er kjent for å ha heilt spesielle naturverdiar. MDG fryktar det vil få store konsekvensar.

Telemark Ring er ein planlagt motorsportbane og eit testanlegg ved Elgsjø i Notodden kommune.

Telemark Ring er planlagt som eit motorsportsenter der bilindustrien kan få teste framtidas transportsystem.

Foto: Telemark Ring

Ved Elgsjø mellom Notodden og Kongsberg kan det kome eit motorsportsenter, som også kan bli eit testsenter for bilindustrien. Det første av sitt slag i Noreg.

Det skal vere regionalt og for framtidas autonome transportsystem, forklarar ordførar i Notodden, Gry Fuglestveit.

– Med det så tar vi eit grep om framtidas industri innafor dette området.

Gry Fuglestveit, ordførar i Notodden, på tomta der den kan komme eit nytt motorsportsenter ved Elgsjø

Gry Fuglestveit er ordførar i Notodden kommune.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ordføraren meiner det ligg godt til rette for eit motorsportsenter her, med Kongsberg, Herøya i Porsgrunn og Horten i nærleiken.

Dessutan går E134 går like ved, og det er flyplass på Notodden og kort veg til ei hamn ved sjøen.

– Bilindustrien i Europa og verda må teste på fire årstider. Og den testinga går ikkje lenger på bensin eller diesel, for nå er det hydrogen, biodiesel og elektrisitet.

Vil øydelegge for elgen

Motorsportanlegget vil øydelegge for det viktigaste vilttrekket for elg mellom Notodden og Kongsberg. Det meiner Benedikte Nes som er 2.-kandidat for MDG i Telemark ved fylkestingsvalet.

Benedikte Nes er 2. kandidat for MDG i Telemark ved fylkestingsvalget.

SKEPTISK: Benedikte Nes er 2.-kandidat for MDG i Telemark ved fylkestingsvalet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Dette skogsområde i den sørlege delen av Follsjø området er internasjonalt kjent for å ha heilt spesielle naturverdiar.

Ho viser til at det også kjem ei stor utbygging med ny firefelts E134 i nærleiken, med ei bru i Elgsjø området. Her skal viltet passere under, for å bli leia inn på ein 280 meter brei trasé mellom Elgsjø og motorsportbanen.

– Eg synest det blir sett av alt for lite plass til dyr og natur, og det er jo ein av årsakene til at vi har ei klimakrise, påpeikar Nes.

Elgtrekk ved Elgsjø ved ny motorsportbane og ny E134 i Notodden kommune.

PLANEN: Her viser Benedikte Nes trekkrutene som går midt i området for ny E134 og motorsportbanen som er planlagt.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Vil bli eit berekraftig prosjekt

Ordføraren seier dei vil gjere alt mogleg for at dette skal bli eit berekraftig prosjekt.

– Eg veit det er elgtrekk her, og heldigvis har vi mykje elg i Notodden kommune. Det vi veit med elgen er at når den blir fortrengt frå eit område, så finn dei ein annan stad å gå.

Fuglestveit peikar også på at det er gjort flatehogst på største delen av området, der motorsportbanen skal ligge.

Telemark Ring vil bli bygd som ein 3 km asfaltbane med stor høgdeforskjell, bratte bakkar og blinde svingar og med store opne depot og testområde.

Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunen, motorsportsorganisasjonar og næringslivsaktørar i Vestfold og Telemark, og dessutan Viken. Finansiering er tippemidlar, lån og private investorar.

Bra for Notodden

Ein ny E134 og motorsportbane vil vere bra for Notodden kommune.

Det meiner grunneigar i området Hans Gunnar Haave, som også driv Elgsjø kafé.

Hans Gunnar Haave, Elgsjø kafe

NØGD: Driver av Elgsjø kafe, Hans Gunnar Haave, ønsker motorsportbanen velkommen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Det blir veldig bra med ein ny motorsportbane her i Notodden som vil få ringverknader for heile regionen.

Han trur alle vil få glede av ein slik bane, og meiner den er framtidsretta.