Hopp til innhold

Med plast på bunaden

Bunadssøljer i plast og moderne teppe vove som for 100 år sidan, kan vere nykelen for å ta vare på den norske folkekunsten. Folkekunststudentar frå Rauland og designstudentar frå Budapest, spelar på lag for å sikre at tradisjon også vert ein del av framtida.

Future Traditions

UTSTILLING: Telemark kunstsenter i Skien opna i går utstillinga fra prosjektet 'Future Traditions'.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Me håpar jo at fleire av desse gjenstandane og kleda kan produserast og seljast i framtida. Studentane våre skal jo prøve å leve av kunst og design når dei er ferdig utdanna. Så gjennom dette prosjektet vert dei godt skodd, seier Bodil Akselvoll.

Bodil Akselvoll

PROSJEKTLEIAR: Akselvoll leiar samarbeidsprosjektet der tradisjon og folkekunst blir satt i fokus.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Future Traditions heiter prosjektet Akselvoll refererer til. Sjølv er ho prosjektleiar for samarbeidsprosjektet som skal endar opp i ei utstilling på Telemark kunstsenter i Skien.

Les også: Signe(20) utdanner seg til å bli bunadstilvirker

Prosjektet skal sørgje for at tradisjon og folkekunst også har ein plass i dei norske heimar fleire år fram i tid. Studentar frå Noreg og Ungarn har slått seg saman og lagd ulike gjenstandar og klede, som er prega av ulike element frå folkekunsten.

– Tradisjon er jo noko me alltid har med oss, men det er vanskeleg å overføre ein stilart direkte frå 1800-talet og inn i moderne tid. Ein må difor tolke slike stilar og skape noko nytt. Det er slik studentane har jobba med dette prosjektet, seier Akselvoll.

Future Traditions
Foto: Martin Torstveit / NRK

Ulv i fåreklær

Prosjektet tok til i januar 2015 og er eit samarbeid mellom Moholy-Nagy University of Art and Design (MOME) i Budapest og Høgskulen i Søraust-Noreg avdeling Rauland. Elleve studentar frå Rauland og ti frå Budapest har vore med.

Prosjektet er finansiert av EEA-midlar og prosjektet har fått nærmare to millionar kroner i støtte.

– Det har vore ei fantastisk oppleving. Spesielt den tida me hadde på Rauland der du vart mura inne og hadde eit enormt fokus på å jobbe. Det er jo ikkje så mange fritidssyslar der oppe, ler designstudent ved MOME, Zsòfia Papp.

Ho har teke turen til Noreg i samband med opninga av utstillinga.

Papp sitt bidrag til prosjektet er tradisjonelle klesdrakter frå Ungarn, men når du kikkar nærmare på den eine drakta, kan du sjå orda "ulv i fåreklær" sydd inn som eit mønster. Papp har altså latt seg inspirere av det norske ordtaket når ho har lagd drakta.

Zsòfia Papp

INSPIRERT: Zsòfia Papp har latt seg inspirere av Noreg i arbeidet ho har gjort.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Fleire av gjenstandane på utstillinga er meint å kunne produserast og seljast i framtida. Det same gjeld draktene til Papp.

– Dette var fyrste stadiet mitt for denne klesdrakta, men eg håpar absolutt at eg kan utvikle konseptet og at eg kan få det i produksjon, seier Papp.

Utstillinga er på Telemark kunstsenter i Skien opnar kl. 18.00 Fredag 28. oktober.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark