SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Mannen blei skoten i skuldra av politiet etter at han hadde truga med våpen.
Operasjonsleiar Leif Myrtvedt i Telemark Politidistrikt seier at politiet har pågrepe to personar i slutten av tenåra i Seljord.
Skaut på ein campingplass
Leif Myrtvedt er operasjonsleiar ved Telemark politidistrikt.
- Aksjonen er over, men vi skal undersøke eit par stader, og har vakthald på desse stadene, seier Myrtvedt.
Han seier at politiet fekk melding om at nokre personar dreiv og skaut inne på området ved Løyne Camping ved Nisser i Kviteseid kommune.
Desse personane truga seinare til seg ein bil og kjørt frå staden.
- Denne bilen har vi funne igjen i natt, og har arrestert to personar, seier Myrtvedt.
Truga politiet med våpen
Ein person er lettare skadd etter at politiet løsna skot fordi dei to personane kom ut av bilen og truga med våpen.
- Det er alltid dramatisk når det er snakk om våpen, skyting og trugsmål. Men vi har følt at vi har hatt kontroll over situasjonen, seier Myrtvedt.
Han seier at folk frå det lokale lensmannskontoret har sperra av vegane slik at sivile ikkje kjem inn i området.
Den eine av dei to pågripne er frakta til arresten i Porsgrunn, og den skadde er frakta til sjukehuset for behandling av skotskaden.
Fekk melding om skyting mot ei hytte
Politiet rykka ut då dei fekk melding om skyting på Løyne camping i Kviteseid klokken 3.20 natt til mandag.
Meldinga gjekk ut på at ein mann hadde skote mot ei hytte og
etter det ha truga til seg ein bil.
Bilen blei funnen i nærleiken av Seljord ei stund etterpå.
Klokka 5.35 truga mannen vår patrulje med eit skytevåpen og politiet valde difor å skyte, seier operasjonsleiar Leif Myrtvedt i Telemark politidistrikt.
Ei kvinne som var med i samme bil som mannen blei pågripen
klokka 6.22.
Dei to pågripne er i slutten av tenåra, opplyser politiet.
E 134 er stengt inn til vidare
- Åstaden blir nå sikra og skal undersøkast av teknikarar, seier Myrtvedt.
I samband med politiaksjonen var E-134 stengt hundre meter nord for avkjøringa til Riksvei 36.
Omkjøringa er gjennom Seljord sentrum for personbilar, og via riksvei 36 for store kjøretøy