Hopp til innhold

Mann fengsla for valdtekt av mindreårig

Ein mann i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker, sikta for valdtekt av ein mindreårig. Politiet fekk melding søndag kveld om at det hadde skjedd ein mogleg valdtekt i ein kommune i Telemark. Politiadvokat Bjørn Bunkholt Sæter vil ikkje gå nærmare innpå kva for kommune valdtekta har skjedd eller kva for relasjon det er mellom den sikta og den fornærma. Mannen har også fått brev- og besøksforbod grunna faren for øydelegging av bevis.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark