Det er stor interesse kring den høgtliggande villaen på den vesle tettstaden Skotfoss i Skien.
Til no har nesten 150.000 vore inne og sett på annonsen der villaen er til sals for 18 millionar kroner.
Den minner om slottet i Oslo og andre fornemme bygg, og det er meininga, seier arkitekturhistorikar Thomas Thiis-Evensen.
Arkitektprofessor Thomas Thiis-Evensen meiner hele området burde vore freda.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK– Villaen er symmetrisk og står på ein høg mur og har fire firkanta søyler med gavl på toppen. Det er det greske tempel, seier han.
Med balkongen, som rett nok er litt mindre, meiner han det er det same motivet som når Kong Harald den 5. kjem ut og helsar.
Villaen blei bygd i jobbetida i Noreg då rikdommen skulle vere synleg.
Den er datert til rundt 1910, men verken historielag, eigar, eigedomsmeklar eller landets fremste ekspertar innan arkitekturhistorie veit kven som var arkitekt eller når den stod ferdig.
Synte kven som var høgt på strå
Villaen blir kalla Forvaldhuset etter Ludvig Forvald, som var kontorsjef på Skotfoss Brug i Skien. Papirfabrikken frå 1891 var i si tid den største i Europa, og det budde kring 3000 menneske på den vesle tettstaden.
Det skulle synast kven som var høgt på strå i samfunnet. Kontorsjefen, som var nestsjef, skulle sjå ned på papirfabrikken.
Arbeidsfolka skulle ikkje vera i tvil om kvar dei var på rangstigen.
Lokalhistorikar Liv Marie Kristin Skilbred seier det var stor avstand mellom arbeidarane og sjefane.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK– Ei dame som var hushjelp her måtte kvar morgon starte med å fyre opp i alle omnane. Sidan det er tre pipeløp her, er det nok fyringsmuligheter i alle rom, seier Liv Marie Kristin Skilbred, leiar av Skotfoss historielag.
Ho har skrive bok om historia og fortel at arbeidarane budde med store barneflokkar i husvære på 35 kvadratmeter.
Kontorsjefen, som var einsleg, budde oppe på haugen i villaen med 33 rom.
Hit men ikkje lenger kom arbeidarungane. Sjølv om det var store frukttre i funksjonærhagane fekk dei ikkje gå på epleslang.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK– Arkitekturen lyg ikkje
Dei noverande eigarane av det over 100 år gamle huset flyttar no frå Skotfoss, men har sidan år 2002 lagt ned tusenvis av arbeidstimar i restaureringa.
Svein Levi Sekse og familien har lagt ned mykje arbeid i huset dei siste 18 åra.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK– Me har vore leie og byrja på nytt igjen, men det har vore lidenskap og ei fantastisk reise, seier eigar Svein Levi Sekse.
Medan direktørvillaen på Skotfoss blei fyra opp som ei brannøving for Skien brannvesen i 1996, står villaen etter kontorsjefen igjen som eit tidsvitne over industrireisinga her i landet.
Fordi den ligg med utsyn over industrianlegget og fossen, vert den som ein slags vaktmeister, meiner arkitekturhistorikaren.
Thomas Thiis-Evensen er imponert over at ein umiddelbart kan sjå hensikta.
– Ein kan sjå heile klassesystemet. Historieverk kan lyge, for historikarane kan droppe fotnotar og hoppe over ting, men arkitekturen står der, og den lyg ikkje.
Kontorsjefen hadde full oversikt over papirfabrikken frå eigen hage.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK