Hopp til innhold

Mange ventar til siste frist med DAB

BØ (NRK): Det er stor pågang etter DAB til heimen, men mange ventar med å klargjere bilradioen. Forhandlarar av slike DAB-radioar fryktar dei går tomme når det nærmar seg sløkking av FM-nettet for dei riksdekkande kanalane.

Olav Tangen, butikksjef Expert i Bø

GODT DAB-UTVAL: Butikksjef Olav Tangen på Expert i Bø har rekke på rekke med DAB-radioar som folk kan velje mellom.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

NRK blir borte frå FM-nettet i Telemark den 26. april, og nå byrjar salet av DAB å ta av.

– Det har vore veldig bra, det var ein boom fram mot jul, så roa det seg litt på nyåret. Nå har det starta å ta seg opp igjen og me sel mange DAB-radioar kvar dag, seier butikksjef Olav Tangen på Expert i Bø.

–​ Kva er det folk spør etter?

– Dei spør etter kva type radio dei bør kjøpe, og om det skal vere batteridrift eller berre på straum. Og dei er veldig opptatt av design på radioen.

Fyrst DAB i heimen

Nå går det mest radioar til hus og heim. Han trur DAB i bil blir meir etterspurd når det nærmar seg stenging.

– Eg håpar det ikkje blir utselt. Vi tek inn veldig mange radioar om dagen. Eg har tatt inn dobbelt av det talet på eg hadde tenkt eg skulle ta inn så vi har verkeleg køyrt på.

Han har snakka med ein del kollegaer nord i landet og seier dei gjekk tomme når det nærma seg stenging. No er det pallar i butikken her, så han trur det bør gå bra.

– Det er mest folk over 40 år som kjem i butikken og spør etter DAB. Dei yngre vel heller å streame frå telefonen, seier Olav Tangen.

DAB i bil vanskelegare

På Euronics rett over gata merkar også Knut Erling Haug at folk nå skal ha DAB, men pågangen er ikkje så stor som han hadde venta.

DAB-radio

Ein biladapter kostar frå 900 kroner, men integrert montering kostar frå rundt 4500 kroner og oppover.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Vi får vel eit kjemperush i vekene før. Så endar det opp med at forhandlarane går tomme. Det er det folk ikkje ser som me prøvar å forklare.

Folk lurar på kor enkelt det er å bruke og korleis det er å montere i bil. Adapter som blir plugga i sigarett-tennaruttaket er lett å montere sjølv, men skal du ha det integrert må du ofte på verkstad, seier Haug.

I siste lita

På Bø-senteret har ein gjeng pensjonistar sett seg ned for å løyse verdsproblem. Dei fleste av dei har DAB-radioen klar, men ikkje Olav Haukvik.

– Eg må vel få meg DAB når tida er inne. Eg veit ikkje så mykje om DAB anna enn at det blir lagt om på vårparten frå FM. Det blir ikkje før eg må, seier Haukvik.

Les også: