Skuffa over startlån frå kommunen: – Ekkelt å føle seg uønskt

Startlån frå Husbanken skal hjelpe vanskelegstilte inn på bustadmarknaden. Men mange kommunar har ikkje kompetanse til å bruke ordninga fullt ut.

Børre Mathisen

SØKTE LÅN: Børre Mathisen fekk avslag på lånesøknaden om startlån, sjølv om han er godt kvalifisert.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Børre Mathisen er 100 prosent ufør og bur på Hvasser i Færder kommune. Der leiger han eit hus.

1. mai går leigekontrakten ut og han må flytte.

Mathisen er far til to barn som bur hos han annankvar veke. Av omsyn til barna ønsker han å bli buande i området.

– Det er jo her dei har vener og familie, seier Mathisen.

I fjor oppdaga han ei ordning i Husbanken som blir kalla eit startlån. Ei låneordning som kommunane kan bruke til å hjelpe vanskelegstilte inn på bustadmarknaden.

Ordninga er særleg retta mot barnefamiliar slik at barn skal få stabile buforhold.

Mathisen var optimistisk. Som ufør tobarnsfar var han godt kvalifisert til denne låneordninga.

Men Færder kommune avslo søknaden hans. Det fekk Mathisen til å undre.

– Viss ikkje eg kan få dette lånet, kven kan da få det?

Børre Mathisen

Børre Mathisen stilte fleire spørsmål om avslaget han fekk frå Færder kommune.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Mange kommunar strevar

Startlån i Husbanken er eit tiltak frå Regjeringa, som ønsker at fleire skal kunne eige sin eigen bustad i Noreg.

– Startlån er det viktigaste verkemiddelet me har, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Startlån er ei populær ordning. I fjor blei det delt ut nesten 12 milliardar kroner, og godt over halvparten blei lånt ut til barnefamiliar.

Det er Husbanken som forvaltar ordninga på vegner av departementet. Men det er kommunane som bestemmer kven som får lån.

Det byr på utfordringar.

Forsking frå OsloMet viser at det er stor variasjon i kor god kompetanse kommunane har når det kjem til startlån.

– Nokre kommunar har eigne folk som berre jobbar med denne ordninga, mens andre kommunar brukar den lite, seier Kim Astrup. Han er forskar ved OsloMet, og spesialiserer seg på bustadforsking.

Korleis søknaden blir behandla varierer difor frå kommune til kommune.

Nikolai Astrup

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Foto: Mette Ballovara / NRK

Høge bustadprisar

Etter fleire rundar med Færder kommune, fekk Mathisen innvilga eit startlån.

Til saman fekk han om lag 1,6 millionar kroner. Til å byrje med var han glad, heilt til han sjekka bustadmarknaden.

– Det finst jo ingenting i Færder kommune til den prisen. Eller det finst jo, men da er det berre med eitt soverom. Eg kan jo ikkje bruke lånet til noko, seier 51-åringen.

Mathisen las seg opp på regelverket og fann ut at kommunane kan strekke seg langt for å hjelpe barnefamiliar. Blant anna ved å tilby fastrente og løpetid på 50 år.

Men det ville ikkje Færder kommune.

Ifølgje Kim Astrup er det ikkje uvanleg at kommunar vegrar seg frå å utnytte ordninga til det fulle.

– Me har sett eksempel der kommunane gjev avslag før dei har sett på alle moglege løysingar i ordninga. Nokre gonger trekker dei for raske slutningar.

Kim Astrup

Kim Astrup er forskar ved OsloMet. Han har skrive fleire publikasjonar om potensialet i startlånsordninga til Husbanken.

Foto: OSLOMET

Vil ut av fattigdomsfella

Børre Mathisen er skuffa over saksbehandlinga han har fått frå Færder kommune. Han har klaga inn saka, og formannskapet skal behandle klaga 7. april.

– Det er ekkelt å føle seg uønskt, seier Mathisen.

Færder kommune er gjort kjend med kritikken i denne saka, men dei ville ikkje stille til intervju. Dei vil ikkje kommentere saka før klagen er behandla.

Mathisen må no ut på leigemarknaden igjen.

– Poenget med denne ordninga er jo å få folk ut av fattigdomsfella. På sikt kunne eg selt bustaden når barna blir eldre og hatt litt eigenkapital, seier Mathisen.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup seier det kan vere fleire grunnar til at ein kommune ikkje innvilgar startlån.

– Kommunane må sjølv vurdere den enkelte lånesøkars behov og betjeningsevne, og fatte vedtak i tråd med praksisen kommunen har valt.

– Tenker de at kommunane må skjerpe seg?

– Me kan alltid gjere ting betre, og det gjeld sikkert for startlån også. Samstundes vil eg understreke at det kan vere ulike grunnar til at praksisen i kommunane varierer.