Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Biblioteksjef i Nissedal reporter Anita Moland
- Kommune: Nissedal
Rådmannen i Nissedal meiner lovverket er rigid fordi kommunen ikkje lenger får dispensasjon slik at den som no har stillinga får høve til å ta fagutdanning som bibliotekar.'
Lite fleksibel
Treungen er kommunesenteret i Nissedal kommune. Foto: NRK
- Det er verkar som departementet er lite fleksibel. Vedkomande som har stillinga i dag har utsett å ta fagutdanning med gode grunnar, seier Kiland.
Etter at ein søkar trakk seg, var det i oktober i fjor bare 2 søkarar til den 40 prosent store stillinga som biblioteksjef i Nissedal.
Bare ein av dei var utdanna bibliotekar, men av ulike årsaker valde kommunen å tilsette ein søkar som var ufaglært, og som har vore mellombels tilsett som biblioteksjef i kommunen sidan 2001.
Leit for dei involverte
Rådmann Ketil Kiland seier det er svært uheldig at departementet meiner tilsettingsvedtaket ugyldig.
- Veldig leit for dei som er involvert og den som har stillinga i dag, seier Kiland.
Nissedal kommune fekk ikkje lenger dispensasjon for at vedkomande som har stillinga i dag kunne ta det nødvendige fagutdanninga på to år. Kommunen er difor pålagt å lyse ut stillinga på nytt.
Ny søknadsfrist for biblioteksjefstillinga i Nissedal er 15. august.