– Det er veldig gøy, seier nyheitsanker Youssra Almohbami frå Syria.
Gjennom vaksenopplæringa i Vinje lagar ho nyheiter på morsmålet for Vest-Telemark blads TV-sending, VTB-TV.
Denne veka kom dei første sendingane på arabisk og tigrinsk.
– Eg var litt nervøs første gongen, men andre gongen gjekk veldig bra, seier Almohbami.
Tigrinsk og arabisk
Prosjektleiar Aslak Ringhus i VTB-TV meiner den beste måten å nå språklege minoritetar, er å lage innhald på språket dei snakkar.
– Arabisk er eit språk som snakkast breitt, så det har avisa bede spesielt om.
Elles har vaksenopplæringa valt språk sjølv. Denne veka har det vore sending på tigrinsk i tillegg til arabisk, sidan det er ein større kontingent frå Eritrea, i Vinje.
Alt blir teksta på norsk og engelsk.
Slik ser det ut under nyheitssendinga.
Mykje læring
Avdelingsleiar Halvor Otterholt på vaksenopplæringa i Vinje kommune seier elevane har ei bratt læringskurve.
– Vi omset til morsmålet til personane som er i elevgruppa. På den måten får vi både arbeidd med norsk og elevane blir meir samfunnsengasjerte.
– Dei får òg meir kjennskap til nynorsk og til dialektuttrykk, seier Otterholt.
Prosjektet har gjort at elevane har vorte meir opptekne av å følgje med i media.
Avdelingsleiar Halvor Otterholt på vaksenopplæringa i Vinje kommune.
Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRKKan vere kommande mediefolk
Ingen av elevane har erfaring frå mediebransjen frå tidlegare.
Halvor Otterholt seier at elevane synest det er spennande å sjå korleis produktet blir utvikla.
Dei fleste elevane skal vidare på vidaregåande skule, og det er ikkje umogleg at nokon går vidare innan media. Det er læraren glad for.
– Det er viktig at vi får ulike grupper av befolkninga til å jobbe innan media, seier Otterholt.
Viktig å nå minoritetar
Prosjektleiarane meiner det er viktig å nå dei minoritetsspråklege.
– Ein viktig del av integreringa er å kunne orientere seg på kva som skjer i lokalmiljøet og kunne delta i det offentlege ordskiftet.
TV-prosjektet er ei satsing Vest-Telemark blad har saman med Firda og Dølen. Prosjektet får òg støtte av Medietilsynet.
Sendingane på framandspråk vil gå kvar veke fram til sommaren, og på fleire språk, som til dømes polsk og fransk.
– Så får vi sjå kva som skjer, seier prosjektleiar Aslak Ringhus.