Det opplyser Sør-aust politidistrikt til NTB, etter å ha meldt om lekkasjen klokka 4.14 natt til onsdag. Alarmen skal ha gått rett før klokka 4. Brannvesenet rykte ut på meldinga om gasslekkasjen i industriparken.
Fordi lekkasjen har vore synleg i området der alarmen vart høyrd, har folk ringt politiet og vore uroa.
Saltsyrelekkasje
– Det skal vere ein saltrsyrelekkasje, ein gasslekkasje, og han skal vere stoppa. Det er ulike typar alarmar, og dette var ein såkalla lokal alarm, seier operasjonsleiar Marianne Mørch til NTB.
– Det er den minst alvorlege, for å seie det sånn. Dei som bur der kjenner til dei ulike typane. Vi har gitt folk beskjed om å halde vindauge og dører lukka for å vere på den sikre sida, men det er ikkje behov for noko evakuering, og ingen er skadde, seier operasjonsleiaren.
Ifølgje Porsgrunn Kommune vart det sett i verk full industrivernutrykning i samband med hendinga.
Administrerande direktør Sverre Gotaas ved Herøya industripark har forståing for at folk blei engstelege, men avdramatiserer hendinga.
Administrerande direktør Sverre Gotaas ved Herøya industripark.
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK– Det er et lite utslepp av saltsyre. som vi fekk kontroll over veldig fort. Det er ikkje store mengder saltsyre her inne i det heile tatt, så det var relativt uproblematisk.