Lei seg for fyrverkeri på skule
Eleven som fyrte av fyrverkeri på Borgheim ungdomsskule i Færder kommune er svært lei seg for det som skjedde, seier rektor Kristin Stormo. Heile skulen blei evakuert då brannalarmen gjekk og både politi og brannvesenet rykte ut til skulen.