Hopp til innhold

Legg seg flate etter domeneflause

Varden legg seg flate etter domeneflause. – Godt dei tar til fornuft seier TA-redaktør.

tadirekte.no

Varden vil rydde opp i domeneflausen, og har funne ei løysing etter møte med TA.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

Administrerande direktør i Varden, Øyvind Klausen har tatt kontakt med TA-redaktør Ove Mellingen, etter at NRK i dag kunne fortelje at Varden har kjøpt internettdomenet tadirekte.no.

– Eg ønsker å rydde opp i saka, og er sikker på at vi kjem til å finne ei løysing, seier Klausen til NRK.

Les også: Har sikra seg nettadressa til konkurrenten

Ove Mellingen

Redaktør Ove Mellingen i TA.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

TA-redaktør Ove Mellingen seier han inviterte Klausen til TA-huset etter Varden-direktøren tok kontakt på telefon.

– Det var ein hyggeleg prat med ein veldig hyggeleg kar, seier Mellingen.

Har funne ei løysing

Han trur det no er rydda opp i saka, og at Varden skjønar at dei har dumma seg litt ut.

– Og det er heilt greitt. Folk i Telemark elskar konkurransen mellom TA og Varden. Men dei hatar lureri, seier Mellingen.

TA-redaktøren har enno ikkje fått sjekka om domene tadirekte.no er overført til TA, men er mest opptatt av at lenka som førte lesarane vidare til Varden direkte er tatt vekk.

– Løysinga har blitt at Varden har trekt tilbake eigarskapen til domene tadirekte.no, og har fjerna lenka til Varden direkte. Og då er vi ferdige med saka for vår del, seier Mellingen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark