– Lurte veljarane i valkampen

Frp i Nome meiner fleirtalet har lurt innbyggarane når Lunde helsesenter blir lagt ned.

Gry-Anette Rekanes Amundsen

Gry Anette Rekanes Amundsen i Frp meiner veljarane har grunn til å føle seg lurt av partia som legg ned Lunde helsesenter.

Foto: Johs Apold

Lunde helsesenter blir lagt ned. Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og SV er einige om det når kommunestyret vedtek budsjettet for neste år.

Legetenestene i Nome kommune blir no samla i eit helsesenter i Ulefoss.

Ordførar for Arbeidarpartiet, Bjørg Tveito Lundefaret, seier at alle partia må behandle det i sine organ før det er heilt sikkert.

Bjørg Tveito Lundefaret

Ordførar i Nome, Bjørg Tveito Lundefaret.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Eg har gått inn for det på grunn av økonomien, seier Tveito Lundefaret.

Får like godt helsetilbod

Ho meiner politikarane har vegra seg for å ta grep, og i staden sendt rekninga til innbyggarane.

– Vi har veldig høge kommunale avgifter i Nome, og det vil vi gjere noko med, seier Tveito Lundefaret.

Ordføraren innrømmer at dette er ein klassisk debatt mellom Lunde og Ulefoss, og at det er mange i Lunde som no er skuffa.

– Innbyggarane får eit like godt eller betre helsetilbod, sjølv om nokon må køyre litt lenger, seier Tveito Lundefaret.

Garanterte for to helsesenter

Kommunestyrerepresentant for Framstegspartiet, Gry Anette Rekanes Amundsen seier ho føler seg litt lurt av Arbeidarpartiet i denne saka.

Gry A. Rekanes

Gry Anette Rekanes Amundsen i Frp.

Foto: Telemark Frp

– Alle politiske parti blei invitert til eit møte for å finne gode løysingar, men Frp og KrF fekk ikkje vere med lenger då vi ikkje ville legge ned helsesenteret i Lunde, seier Rekanes Amundsen.

Ho viser til at samarbeidspartia Arbeidarpartiet, Høgre, KrF og SV har skrive under på ei felles politisk plattform om å halde oppe to legesenter i kommunen i denne valperioden.

Ordføraren Bjørg Tveito Lundefaret viser til partia som no er samde om ta den politiske belastninga å legge ned Lunde helsesenter.

– Det ville ikkje KrF og Frp, seier Tveito Lundefaret.

Vil prioritere barn og unge

Gry Anette Rekanes Amundsen meiner veljarane som stemte på Arbeidarpartiet og dei andre partia som garanterte for to helsesenter i valkampen har grunn til å føle seg lurt.

– Det er ikkje sikkert kommunen kjem til å spare noko på å legge ned Lunde helsesenter, seier Rekanes Amundsen.

Frp meiner det er mogleg å finne andre stader å spare pengar på i budsjettet for neste år.

Bjørg Tveito Lundefaret seier at Arbeidarpartiet også har programfesta at dei skal redusere dei kommunale avgiftene, arbeide for barn og unge og bygge ut Bjervatun.

– No klarar vi å utvide Bjervatun til tolv plassar. Vi klarar å ruste opp Nomehallen i Lunde for mange millionar kroner til det beste for barn og unge. Og vi aukar ikkje eigedomsskatten, seier Tveito Lundefaret.