Hopp til innhold

Ingen vil bli dømt for drapet på Grønnestad

Det er ingen som vil bli funne skuldige for drapet på Kari Grønnestad. Riksadvokaten har lagt til sides saka på grunn av manglande bevis.

Skienselva der Kari Grønnestad ble funnet
Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

Det er Varden som omtalte saka først.

Avdøde Grønnestads dotter var sikta for drap, mens ekssambuaren hennar var sikta for brot på hjelpeplikta. Begge nekta straffskuld og skulda på kvarandre.

– Denne saka er lagt bort etter ei konkret vurdering av bevis for straffskuld. Det er strenge krav i norsk rett for å ta ut tiltale, og det er dei same krava som gjeld i ein domstol. Vi har funne at det ikkje er nok bevis for det dei er sikta for, seier konstituert førstestatsadvokat Thomas Frøberg hos Riksadvokaten til NRK.

Advokat for dotter til avdøde Grønnestad, Ellen Holager Andenæs, kommenterer avgjerda til riksadvokaten slik.

– Det var ei stor lette for min klient.

Var ikkje nok bevis

Etter at saka kom inn til Riksadvokaten blei den sendt over til Kripos for ein ny gjennomgang, for å klargjere om det burde bli gjort meir etterforsking før det blei tatt stilling til spørsmålet om påtale.

– Kripos kom med eit tilråding om meir etterforsking, og det blei gjennomført. Det førte til at etterforskinga tok meir tid etter at saka blei sendt til oss, seier Frøberg.

Då saka for andre gang blei sendt Riksadvokaten, blei det igjen konkludert med at det ikkje var nok bevis for å ta saka til retten.

Både siktinga som gjeld drap og brot på hjelpeplikta er lagt bort.

Blir tiltalt for likskjending

Statsadvokaten har nå avgjort at det blir tatt ut tiltale mot dotter til Grønnestad og ekssambuaren for likskjending.

– Altså for den etterfølgjande behandlinga av kroppen som blei senka i Skienselva. Dette er ei avgjerd som Statsadvokaten har gjort, og den er ikkje tatt av Riksadvokaten, seier Frøberg.

Riksadvokaten seier at når ei sak er lagt bort på grunn av mangel på bevis, så der den i utgangspunktet ute av verda.

– Men det er eit unnatak for det, dersom det blir oppdaga nye viktige bevis. Dersom det skulle skje er det mogleg å ta opp igjen saka, seier Frøberg.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark