«Ekstra sans» kan spare uheldige fjellturistar for besøk til legevakt

Legevakta i ein av Noregs største hyttekommunar jublar: Ny løysing gir helsepersonell moglegheita til å sjå direktevideo frå ein ulykkesstad.

Legevakten i Vinje tester ut et nytt system der pasienter kan bruke mobilen sin til å vise leger hva som skjer og hvor det skjer.

Legevakta i Vinje testar ut eit nytt system der pasientar kan bruke mobilen sin til å vise legar kva som skjer og kvar det skjer.

Foto: Vinje kommune

– Løysinga gjer at helsepersonell på AMK eller ei legevakt får ein ekstra sans når dei gir hjelp. No kan dei nemleg òg sjå når nokon ringjer og ber om hjelp.

Det fortel Aasmund Rinde, som er innovasjonsleiar i Aspit, Seljord-selskapet som står bak den tekniske løysinga som kallast Aspit respons.

Treng ikkje app

Det som skil dette frå andre videoløysingar i helsetenesta, er at dei som ringjer inn til legevakta ikkje treng å ha noko program eller ein app installert på telefonen.

– Det som skjer er at du ringjer til legevakt, og så sender dei som jobbar der ei tekstmelding tilbake til innringar. Innringar klikkar på lenka og tillèt at kameraet blir brukt, og då er det videosamband til helsepersonellet.

Legevakten i Vinje tester ut et nytt system der pasienter kan bruke mobilen sin til å vise leger hva som skjer og hvor det skjer.

Dei som ringjer legevakta eller AMK får ei tekstmelding tilbake. Ved å klikke på ei lenke, kan det etablerast eit videosamband, slik at legevakta kan hjelpe til endå betre.

Foto: Vinje kommune

Han seier at når folk ringjer legevakt, er det vanskeleg å gjere ei god vurdering av skadar eller sår.

– Det er ikkje nødvendigvis ei enkel oppgåve å forklare korleis det står til over telefon. At du faktisk kan sjå det, gjer at helsepersonell i den andre enden er i stand til å gjere raske og meir rette vurderingar, seier Rinde.

I tillegg til at dei som jobbar hos legevakta får sjå video, blir GPS-posisjonen til innringar overført. Denne funksjonen kan vere ekstra nyttig i ein kommune der det kan vere mange som ikkje er lokalkjende, som til dømes i Vinje, Noregs fjerde største hyttekommune.

Dersom nokon er på ski- eller fjelltur i ukjent terreng og skadar seg, kan dette òg vere ein nyttig funksjon.

Vinje først ut

Og nettopp i Vinje blir teknologien testa ut for aller første gong.

– Vi held på å teste det, og har ikkje halde på så lenge. Men det er enkelt å bruke det. Og det har absolutt ein nytteverdi når vi skal vurdere ting på legevakt, men som vi kanskje ikkje treng å ha fysisk inn i lokalet, seier Kenneth Haugland, tenesteleiar ved legevakta i Vinje.

Årsaka til at ikkje allereie etablerte løysingar som FaceTme eller Skype blir nytta, er at det krev at ein må laste ned appar og utveksle adresser. Det tek verdifull tid når sekunda tel.

– Ein fordel med videoløysinga er at kommunen har lange avstandar. Å vurdere ein skade på video vil gjere det lettare å sjå om skaden treng tilsyn på legevakta, seier Haugland.