Hopp til innhold

Lektor om dårleg seksualundervising: – Ingen spør kva lærarane trenger

Lærarane er lei av å vere syndebukkar for dårleg seksualundervising i skulen. Seksuelle rådgjevarar og sexologar står klare til å kome inn i klasserommet, men lærarane stenger døra.

Marianne Støle-Nilsen

MASTER: Da Marianne Støle-Nilsen skulle skrive master, såg ho nærmare på kvifor lærarar strevar med seksualundervisinga.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Marianne Støle-Nilsen er utdanna lektor og kjenner godt til livet i klasserommet.

For nokre år sidan såg ho seg lei av alle overskriftene i media om dårleg seksualundervising i skulen.

Ikkje fordi ho er ueinig. Lektoren innrømmer at undervisinga er for dårleg, men ho blei lei av at lærarane alltid fekk skulda.

– Det snakkast berre om at me er dårlege. Det er ingen som spør kva lærarane trenger for å få det til, seier Støle-Nilsen.

Gjennom eit forskingsprosjekt fann Støle-Nilsen det ho meiner er rota til problemet:

Lærarutdanninga dekker ikkje temaet.

Seksuell kompetanse

– Det finst ingenting om dette i lærarutdanninga, seier Støle-Nilsen.

Ho meiner at lærarane ikkje får kompetansen til å snakke med barn og unge om seksualitet. Da blir det opp til kvar enkelt lærarstudent å setje seg inn i temaet.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for læreplanen i skulen. Dei peiker på at planen skal vere ein del av lærarutdanninga.

– Når læreplanane har blitt så tydelege som dei har blitt, er det klart at me har forventingar om at studentane kan dette når dei kjem ut i skulen, seier statssekretær Anja Johansen.

Støle-Nilsen opplever ikkje at framtidas lærarar får den kompetansen dei treng ved lærarutdanningane.

Ho har difor starta eit prosjekt i samarbeid med Redd Barna. Lektoren reiser rundt til ulike lærarutdanningar og sikrar studentane seksuell kompetanse.

Anja Johansen, statssekretær (V)

Anja Johansen er statssekretær for Venstre i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Marte Garmann

Redd barna har fått over 2,5 millionar kroner til prosjektet av Helsedirektoratet. Målet er at høgskulane selv skal bli betre på seksualundervising til lærarstudentane.

Fagfolk i klasserommet

Statssekretæren i Kunnskapsdepartementet er oppteken av at skulane står fritt til å hente inn fagfolk utanfrå viss dei ikkje greier å undervise godt nok i seksuell helse.

Ein av dei som står klar til å kome inn i klasserommet, er sexologisk rådgjevar Live Mehlum.

Ho meiner fagfolk vil gjere ein betre jobb enn lærarane.

– Ja, eg likar å tru det. Ikkje fordi me er så mykje betre enn lærarane, men fordi me har den kompetansen dei manglar, seier Mehlum.

Ho peiker på at kvaliteten på seksualundervisinga ville blitt betre om ho og andre fagfolk fekk sleppe til.

Støle-Nilsen er ikkje einig. Ho meiner fagfolk kan kome inn som eit ekstra tilbod, men at seksualundervisinga er læraranes oppgåve.

– Seksualitet er noko me må jobbe med over tid. Det er det berre oss lærarar som får til, seier lektoren.

Utdanningsforbundet støttar Støle-Nilsen, og seier det kan vere uheldig om eksterne fagfolk tek over seksualundervisinga.

– Det kan fort gjere temaet kleint og meir tabubelagt, seier Marius Vik i Utdanningsforbundet.

Live Mehlum, sexologisk rådgjevar

Live Mehlum er sexologisk rådgjevar.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Lærarløft

I tillegg til å undervise lærarstudentar held også Støle-Nilsen kurs for lærarar. NRK treff ho på ein barneskule i Larvik.

Under kurset får lærarane ved skulen stille anonyme spørsmål til Støle-Nilsen.

Lærarane lurer på alt frå korleis ein kan snakke med barna om stygg språkbruk, til korleis ein skal snakke med fleirkulturelle barn om sex.

Støle-Nilsen merkar at mange lærarar kvir seg for temaet, og at lærarane er redd for reaksjonar frå dei føresette etter seksualundervising.

– Me opplever mange situasjonar der me føler at me står utan kompetanse, seier Bjørg Margrethe Sletten Haugen, lærar ved Fagerli skule.

Målet er at fleire lærarar skal bli gode på seksualundervising. For alle er einige om at elevane må få eit betre tilbod i skulen.

– Seksualitet er det faget dei merkar mest at dei aldri fekk, seier Støle-Nilsen.

Bjørg Margrethe Sletten Haugen

Bjørg Margrethe Sletten Haugen er lærar ved Fagerli skule i Larvik.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark