Dei har Jesus på laget

SKIEN (NRK) : Nenset og Gimsøy kyrkjelyd sponsar fleire fotballklubbar i Grenland.

Nenset og Gimsøy menighet sponser fotballklubber

Eigil Frode Jørgensen, Ragnar Numme og Svein Tegle Håland sokneprest i Nenset og Gimsøy kyrkjelyd.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Både Tollnes, Herkules, Klyve og Pors får 5000 kroner av kyrkjelyden. Nenset og Gimsøy kyrkje sponsar fotballklubbar i Grenland som takk for arbeidet som gjerast for barn og unge.

Sokneprest Svein Tegle Håland seier det skal henge ei helsing frå kyrkjelyden ved fotballbanene under fotballcupar.

– Vi vil takke for den jobben dei gjer for barn og unge i vårt nærmiljø, seier Tegle Håland.

Han seier at kyrkjelyden på denne måten vil gje klubbane ei anerkjenning for den jobben dei gjer, både som klubb og som enkeltpersonar.

– Dei står på dag etter dag. Og veke etter veke utan at det er betaling som er drivkrafta. Men dei vil det beste for barn og unge, seier Tegle Håland.

Enkel sak å henge opp

Eigil Frode Jørgensen i Tollnes synest det er veldig positivt at kyrkjelyden vil sponse klubben.

– Vi driv jo med friviljug arbeid båe partar. Og det blei tatt veldig positivt i mot, då eg tok det opp i styret, seier Jørgensen.

Einaste kravet er at banneret skal henge oppe under arrangement.

– Og det er ei enkel sak å gjere, seier Jørgensen.

Han trur banneret kan bli hengande meir permanent i lag med dei andre skilta når dei får laga litt betre plass på stadion.

Nenset og Gimsøy kirke sponser fotball

Her er banneret som skal henge oppe under fotballcupar Tollnes og Pors.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Fleire bør vere med på dette

Ragnar Numme er både Pors-medlem og leiar i kyrkjelydsrådet i Nenset kyrkje ser ikkje bort frå at det kan opne seg ein ny sponsormarknad for klubbane.

– Mange burde vere med på dette. Vi har i alle fall starta. Og eg trur Mjøndalen spelar med reklame for Bymisjonen på ryggen sin. Og på Vestlandet er det nokon som er enda flinkare enn oss. Dette bør kyrkjelydane vere med på, seier Numme.