I Grenland kan du levere ein kubikk for 75 kroner, mens du i nabokommunen Larvik må betale 450 kroner for å levere den halve mengda med restavfall.
Det har ført til at folk køyrer over kommunegrensa for å levere søpla si der det kostar minst.
Eit åtgangsbevis på mobilen skal hindre at folk i nabokommunar, som har dyrare renovasjonsordning, skal nytte det rimelegare tilbodet i Grenland.
– Eg tenker det blir færre når dei må betale full pris. Men for nokon er det sikkert greitt å levere hos oss og betale full pris, seier dagleg leiar Anne Berit Steinseth i Renovasjon i Grenland.
Anne Berit Steinseth, dagleg leiar i Renovasjon i Grenland.
Foto: Ragnar Lurås / NRKMå laste ned ny app
Renovasjon i Grenland er nå i ferd med å innføre ein miljøID som du lastar ned på mobilen.
Kim Andre Henriksen på Rødmyr gjenvinningsanlegg i Skien viser folk korleis dei kan laste ned og bruke appen.
Appen miljøID du kan laste ned og bruke på mobilen.
– Vi spør om dei har lasta ned den nye appen, og så forklarer vi litt om kva det inneber og hjelper dei med å laste den ned. Eller så får dei med seg ei brosjyre, så dei kan gjere det heime.
Henriksen fortel at dei som ikkje har smartmobil kan få laga ein inngangsbillett til å vise fram.
– Stort sett er folk positive. Men nokon synest det kan bli litt mange appar på mobilen.
Betaler meir for restavfall
Vestfold Avfall og Ressurs AS (Vesar) er eit selskap som er eigd av kommunane Horten, Holmestrand, Larvik, Færder, Sandefjord og Tønsberg.
Hovudoppgåva til selskapet er tenester knytt til hushaldsrenovasjon på vegner av eigarkommunane.
Her kostar det 400 kroner for 1/2 kubikk med restavfall i Sandefjord. Og 450 kroner i dei fem andre kommunane i Vestfold.
Vesar har valt ein annan prismodell enn Renovasjon i Grenland, for å dekke sine kostnader med renovasjon.
– Det meste av det du leverer på gjenvinningsstasjonen er det gratis å levere. Du betaler berre for restavfallet, forklarar kommunikasjonssjef, Kaia E. Ross Lind.
Kaia E. Ross Lind, kommunikasjonssjef i Vesar.
Foto: Fredrik Hansen / NRKLind seier det skal få folk til å sortere det dei kastar, og ikkje legge alt i den same haugen.
– Det skal løne seg å sortere avfallet.
Ikkje veldig dyrt
Det er ikkje veldig dyrt, synest Ragnar Gjermundrød og Heidi Ramm som kastar søppel på Rygg gjenvinningsanlegg i Tønsberg.
Dei betalte 45 kroner for ein liten pose med restavfall.
– Det er greitt, så lenge det ikkje blir alt for mykje. Det er perfekt å kunne køyre rett opp her og kaste avfallet, seier Gjermundrød.
Ragnar Gjermundrød og Heidi Ramm leverer søppel på Rygg gjenvinningsanlegg i Tønsberg.
Foto: Fredrik Hansen / NRKBlir kontrollert i porten
I Grenland kostar det 400 kroner for ein kubikk om du kjem frå Vestfold for å levere restavfall.
Dagleg leiar i Renovasjon i Grenland, Anne Berit Steinseth, seier appen miljøID skal kontrollere at dei som leverer avfallet sitt også betaler renovasjonsgebyr i Grenland.
– For ein stor del av kostnaden med å drive gjenvinningsanlegget blir dekt av renovasjonsgebyret, seier Steinseth.