Hopp til innhold

Krise for høgfjellshotell: – Vi føler oss hjelpelause

Det som skulle bli starten på ein god vintersesong er i ferd med å bli eit mareritt for Tuddal Høyfjellshotel. Ei ny undersøking viser at fleire reiselivsbedrifter fryktar konkurs.

Malin Torsdatter Abrahamsen i en folketom spisestue på Tuddal Høyfjellshotel

INGEN GJESTER: Dagleg leiar Malin Torsdatter Abrahamsen er bekymra. 12 tilsette er permittert.

Foto: MAGNUS SKATVEDT IVERSEN / NRK

– Det er kjipt å ha dette på skuldrene våre akkurat nå, seier Malin Torsdatter Abrahamsen.

Saman med ektemannen sin driv og eigar ho det 126 år gamle høgfjellshotellet. Alle helgene i januar var fullbooka. Så kom regjeringa med ei ny nedstenging.

Nå har avbestillingane rent inn.

– Vi får beskjed om at vi berre kan halde ope, men vi har jo ikkje grunnlag til å drive utan gjester. Nå står vi her utan hjelpepakke, og med kostnadane sjølv.

Abrahamsen seier dei føler seg skvisa og ber regjeringa hjelpe. Ho vil at dei skal dekke utgiftene med permitteringar.

Torsdag drog dei siste fire gjestane. I morgon stenger dei hotellet.

– Vi føler oss hjelpelause. Det hadde vore veldig fint om regjeringa hadde komme med ei hjelpepakke.

Malin Torsdatter Abrahamsen

Dagleg leiar Malin Torsdatter Abrahamsen meiner regjeringa må komme på banen.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Ber regjeringa ta rekninga

Hotellbransjen har lagt bak seg eit dårleg år. Mange har hatt ned mot berre halvparten av ei normal omsetning i løpet av fjoråret.

På landsbasis har åtte av ti overnattingsbedrifter permittert tilsette i 2020.

Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv seier situasjonen er svært alvorleg:

– No må nedstengingsperioden bli kort, og det må vere fullt trykk på vaksinering, slik at vi kjem i gang med vanleg skjenking. Det kan redde mesteparten av vintersesongen, seier ho.

Slik det fungerer i dag må arbeidsgivarar betale dei to første vekene av permitteringane. Devold meiner den utgifta må takast av regjeringa.

– Det er viktig for bedriftene at ting er føreseieleg. Dei må få beskjed om at regjeringa tek kostnadane ved permitteringar.

Kristin Krohn Devold

Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv seier mange hotell slit.

Foto: Oda Hveem

– Låg-lågsesong

Men det er ikkje berre på fjellet hotella slit.

På Quality Hotel Tønsberg har det også komme mange avbestillingar. Dei er derimot inne i sin lågsesong. Som no er blitt ein låg-lågsesong, ifølge direktør Øyvind Hagen.

– Eg kan ikkje skryte på meg at vi har hatt fart i dørene våre, seier han.

Ifølgje ei ny medlemsundersøking frå NHO slit også fleire av konkurrentane i reiselivet.

Nesten alle reiselivsbedriftene, som har svart på undersøkinga, seier dei har hatt lågare etterspørsel eller kanselleringar som følgje av koronaviruset.

Over 40 prosent av bedriftene opplyser at det er ein reell risiko for at dei går konkurs på grunn av koronasituasjonen.

Tuddal Høyfjellshotel

Avbestillingane har rent inn på Tuddal Høyfjellshotel etter regjeringas nye tiltak.

Foto: Tuddal Høyfjellshotel

Forlenger ordning

Nærings- og fiskeridepartementet opplyser til NRK at dei har bestemt å forlenge kompensasjonsordninga til næringslivet.

– Overnattingsbransjen kan få kompensasjon for inntil 80 prosent av dei faste kostnadane sine til og med april månad, seier statssekretær Lucie Katrine Sunde-Eidem.

Hotelldrivaren i Tuddal synest det er fint at ordninga blir forlenga, men seier det ikkje er det som er prekært akkurat no.

– Det som er prekært er at vi må permittere alle tilsette på grunn av dei inngripande retningslinjene som kom over natta. Arbeidsgjevarperioden på 10 dagar, er dyr nok frå før. Når ein i tillegg står utan inntekt, blir det veldig dyrt, seier Abrahamsen.

Følgjer situasjonen nøye

Arbeids- og sosialminister Henrik Asheim peiker på at regjeringa har gjort fleire tiltak for å gjere permitteringssituasjonen lettare for næringslivet. Blant anna har dei senka tida ein arbeidsgivar må dekke løna til permitterte tilsette frå 15 til 10 dagar.

Men han kan ikkje love at dei vil betale for dei første to permitteringsvekene slik Devold etterlyser.

– Men vi følgjer situasjonen nøye slik vi har gjort under heile pandemien, seier Asheim.