Hopp til innhold

– Skurkane går fri, politiet har ikkje tid til å etterforske

Krimforfattar og politietterforskar Jørn Lier Horst er kritisk til korleis politiet har utvikla seg. Det er noko av bakgrunnen til at han har sagt opp stillinga si og sluttar i politiet.

Jørn Lier Horst sluttar i politiet

Jørn Lier Horst pakkar bort politilivet i store eskar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det er litt typisk. Når eg no sluttar som etterforskar i politiet i Larvik, blir eg ikkje erstatta seier den avgåande etterforskaren. Lier Horst kjem med ei breiside mot utviklinga i politiet dei seinare åra.

– Jobben i politiet er veldig viktig, eit viktig samfunnsoppdrag, men avgjera om å slutte har blive lettare for ein er ikkje etterforskar lenger. Etterforskarane har blive sakshandsamarar, det er ikkje tid til å drive ordentleg etterforsking, ikkje tid til å grave i sakene, ikkje tid til å finne bakmennene, det er ikkje tid til å avsløre ledda bak og helarane.

Krimforfattaren har vore etterforskar i politiet i Larvik i nær tjuge år, og har vore veldig glad i jobben. Men no er det altså slutt. Frå 1. september er han formelt ute av politiet.

No blir Jørn Lier Horst forfattar på heiltid.

Farleg idyll

Jørn Lier Horst ved pc-en

Ei ny bok er undervegs.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Jørn Lier Horst må levere inn uniformslua

Jørn Lier Horst må levere inn politilua si.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Jørn Lier Horst går ut av politihuset i Larvik

Jørn Lier Horst går ut av politihuset i Larvik for siste gong.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Gjennom mitt arbeide i politiet har eg sett og erfart mykje som har gjeve meg god bakgrunn for å skrive. Eg får gode tilbakemeldingar både frå kollegaer, og faktisk er mine bøker også populære utlånsbøker i fengsla rundt om i landet.

Stavern i Larvik kommune er arena for mange av plotta i bøkene til Lier Horst. Han likar å skrape litt i idyllen, skape kontrastar, for i alle småbyar går føre seg det mange ting bak gardinene.

– Og så bur eg i Stavern, så det er kortreist kan du sei, humrar den tidlegare politimannen.

Skriv minst ei bok i året

Han har hund, og går mange turar i nærmiljøet, innom kafeen i sentrum og langs kyststien som går forbi rett utanfor kontorvindauget hans.

– Eg er produktiv, ja, men eg likar ikkje å tenkje på det som masseproduksjon.
Jørn Lier Horst seier det ligg mykje arbeid bak bøkene.

Han har skrive i alt ni krimromanar for vaksne, fem for barn og unge, og i tillegg ei rekkje teater- og tv-manus. Han har også fått ei rekkje prisar for bøkene sine, blant dei Bokhandlarprisen, Rivertonprisen og Glassnøkkelen som er prisen for beste nordiske krim. Den fekk Lier Horst i fjor for boka Jakthundene.

Gruar og gleder seg

– Det å skrive er ein einsam jobb. Viss eg gruar for noko framover, så er det vel at eg kan koma til å sakne kollegaer og arbeidsfellesskapet i politiet. I bortimot 20 år gleda eg meg til å gå på jobb kvar einaste dag. Politiarbeidet er variert, ingen dag er lik, seier Lier Horst ettertenksamt.

Likevel legg han til at han også gler seg til å få meir kontroll over tida og kunne planlegge både for skriving og fritid. Også den neste boka kjem til å handle om etterforskar William Wisting.

Og i bøken har etterforskarane tid til å gjera jobben grundig. I bøkene blir skurken alltid fakka til slutt.

Jørn Lier Horst og Rivertonprisen

Ein av dei gjeve prisane til krimforfattaren.

Foto: Anne Lognvik / NRK