– Sjølv om den nasjonale trenden er ein nedgang i registrert barne- og ungdomskriminalitet, har det vore ein auke i slike meldingar hos oss, seier politiinspektør Nina Karstensen Bjørlo.
Ho leier felles eining for førebygging i Sør-aust politidistrikt.
I ein rapport samanfattar dei kriminalitet gjort av personar under 18 år i Vestfold og Telemark dei fem siste åra.
Når det gjeld vinningskriminalitet, har Bjørlo og kollegaene hennar registrert ein auke på heile 170 prosent frå 2018 til 2022.
Dei fleste tjuveria blir gjorde av jenter.
– Urovekkjande
Politiet har også registrert ein auke på nær 160 prosent i talet på melde tilfelle av valdsepisodar.
Også her er det stadig fleire jenter å finne blant gjerningspersonane.
– Det er heilt klart ei urovekkjande utvikling, seier Nina Karstensen Bjørlo, og legg til at trenden har halde fram etter at rapporten vart framlagd i april.
I varetekt for drapsforsøk
I kvinnefengselet i Skien treffer NRK Lotte.
Her har 32-åringen vore dei siste seks månadene i varetekt.
Lotte lengtar etter ein kvardag utanfor fengselsmurane.
Foto: Robert Hansen / NRK– Eg sit her for det politiet meiner var eit drapsforsøk. Advokaten min har sagt at saka ikkje kjem opp i retten før i november, så det blir nokre månader til, seier ho.
Det er ikkje første gong Lotte sit i fengsel. Ho er tidlegare dømd fleire gonger for vald, mellom anna mot ein politimann.
Ho har ei klar oppmoding til unge menneske som har starta ein potensiell kriminell løpebane.
– Kutt ut med ein gong! Folk som ikkje har sete i fengsel aner ikkje kor jævlig det er. Eg trur ikkje det finst ein einaste positiv ting med å sitje i fengsel, seier Lotte.
Fleire butikkar melder
Politiinspektør Bjørlo fortel at det særleg er melde butikktjuveri som utgjer den kraftige auken i vinningskriminalitet blant unge under 18 år.
– Vi ser også at det er flest jenter som stel eller naskar frå butikkar, seier ho.
Politiinspektør Nina Karstensen Bjørlo
Foto: John-André Samuelsen / NRKHo beskriv eit komplekst og samansett bilete som årsak til den kraftige auken. Auka kjøpepress blant unge, og kanskje spesielt jenter, er éi årsak.
– Ein annan ting er at næringa har vorte flinkare til å melde tjuveri og naskeri, seier politiinspektøren.
Bjørlo avviser at jentene som står bak vinningskriminaliteten tilhøyrer eit spesielt miljø.
– Det er heller ingen grunn til å seie at det er snakk om barn av mindre ressurssterke foreldre.
Konfliktrådet førebyggjer
Dei fleste sakene der mindreårige har gjort seg skuldig i kriminelle handlingar, blir avgjorde i Konfliktrådet.
Sør-Øst politidistrikt er det politidistriktet i landet som sender flest saker til konfliktrådsbehandling, ifølgje konfliktrådsleiar i Sør-Øst, Christian Tynning Bjørnø.
– Så langt i år har vi fått sendt over 274 saker frå Sør-Øst politidistrikt. 41 prosent av desse sakene har ein gjerningsperson som er mellom 15 og 18 år. Det er 20 prosent meir enn på same tid i fjor.
Konfliktrådsleiar Sør-Øst, Christian Tynning Bjørnø
Foto: FolkehøgskoleneBåde Tynning Bjørnø og politiinspektør Nina Carstensen Bjørlo meiner mekling i Konfliktrådet har ein førebyggjande effekt.
– Dei fleste av dei ungdommane som fått saka si behandla i Konfliktrådet, har ikkje gjort seg skuldig i ny kriminalitet, seier Bjørlo.