Køyrt til sjukehus etter kollisjon

To personar er køyrt til sjukehuset i Skien med ambulanse etter ein front mot front kollisjon mellom to personbilar på riksveg 36 ved Åråssletta mellom Ulefoss og Gvarv. Dei involverte skal bli sjekka for indre skader etter bråstoppen i kollisjonen.