Hopp til innhold

Riksrevisjonen: Dårlege vegar medverkar til 30 dødsulykker i året

Kostnadene til drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegane har auka betydeleg, men vegane har verken blitt meir framkomelege, miljøvennlege eller tryggare.

Mats Granli, byggeleder, Lars Kvale Svendsen, rådgiver veiforvaltning og Gunnar Berg Treidende, samferdselsdirektør

STORE UTFORDRINGAR: Mats Granli, byggjeleiar, Lars Kvale Svendsen, rådgivar vegforvaltning og Gunnar Berg Treidende, samferdselsdirektør på synfaring.

Foto: Anita Moland / NRK

Riksrevisjonen har undersøkt om vegstyresmaktene legg til rette for at drift og vedlikehald av vegnettet blir utført effektivt og med god kvalitet.

Dette for at måla om forbetra framkomme, trafikktryggleik og miljø blir nådd for både riksvegar og fylkesvegar.

Drifts- og vedlikehald har mykje å seie for å nå dei nasjonale transportmåla.

Resultata av undersøkingane blei lagt fram i dag.

Faktorar relatert til drift og vedlikehald er medverkande i omtrent 30 dødsulykker på norske vegar i året, ifølge Riksrevisjonen. Utviklinga har vore stabil i perioden 2017–2021.

– Drift og vedlikehald har stor betydning både for risikoen for at det skjer ein ulykke, og for skadeomfanget, konkluderer Riksrevisjonen i rapporten som vart offentleggjort torsdag.

Bekymra for tryggleiken

Etterslepet på vedlikehald av norske vegar merkes godt. Bokstaveleg talt.

– Det sprekk opp over alt, sukkar Lilly Sundin.

Ånnerødveien i Skien er ein av vegane i Vestfold og Telemark som tydeleg trenger oppgradering.

Den siste tida har ho vorte mykje verre fordi tungtransport hyppig fraktar massar til eit jorde som skal fyllast ut.

Foran fra venstre: Lilly Sundin, Frøydis Hegna og Gerd Ørbeck Langedal. Bak fra venstre: Roger Solgaard, Lasse Gundersen og Marius Gunnulfsen Leiulvsrud.

FRUSTRERTE NABOAR: Lilly Sundin, Frøydis Hegna og Gerd Ørbeck Langedal. Bak frå venstre: Roger Solgaard, Lasse Gundersen og Marius Gunnulfsen Leiulvsrud.

Foto: Anita Moland / NRK

Naboane langs vegen er bekymra for tryggleiken, og sinte på at kloakkrøyr og grunnmurar sprekk.

Fylkeskommunen som eig vegen, er også fortvila. Vegane i fylket forfell og pengesekken er tom.

I Vestfold og Telemark er det eit etterslep på vedlikehald på cirka 8 milliardar kroner.

– Det er mangel på statleg finansiering, seier Gunnar Berg Treidene. Han er samferdselsdirektør i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Får kritikk av Riksrevisjonen

Riksrevisjonen har altså undersøkt drift og vedlikehald av landets 56000 kilometer med riks- og fylkesvegar.

Måla er tydelege: Vegane skal vere trygge, framkommelege og miljøvennlege.

Riksrevisjonen meiner det er fleire svakheiter i Statens vegvesen si styring og oppfølging av drifts- og vedlikehaldsarbeidet.

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pederse

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Det er ikkje tilfredsstillande at Samferdselsdepartementet ikkje sikrar seg god nok informasjon om resultata av arbeidet med drift og vedlikehald på riks- og fylkesveg, sa riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen da han presenterte resultatet av undersøkinga torsdag.

– Det er kritikkverdig at kostnadene til drift og vedlikehald har auka mykje sidan 2015 utan at dette har gitt meir framkommelege, miljøvennlege eller tryggare riks- og fylkesvegar.

Drift og vedlikehald har mykje å seie for å nå dei nasjonale transportmåla.

Må følgje opp nasjonale mål

Statens vegvesen har ansvar for det meste av riksvegnettet, medan fylkeskommunane har ansvar for fylkesvegane.

Undersøkinga avdekkjer fleire svakheiter ved Statens vegvesen si styring og oppfølging av drifts- og vedlikehaldsarbeidet.

Vegvesenet utnyttar ikkje viktige data godt nok, og planlegginga av vedlikehaldet er lite føreseieleg for entreprenørane.

– Dette gir dyrare drift og vedlikehald enn nødvendig. Mange IT-system og rutinar er også mangelfulle, og oppfølginga av driftskontraktar har svakheiter, seier Schjøtt-Pedersen.

Totalt bruker dei 21 milliardar kroner på dette kvart år.

Oppgåvene omfattar alt frå brøyting, strøing, vask og reinhald for å halde opne, til asfaltfornying, utskifting av rekkverk og tiltak i bruer og tunnelar.

– No som vegsektoren har vorte omorganisert har Samferdselsdepartementet ei endå viktigare rolle. Dei må følgje med på om dei nasjonale måla blir nådde, også der fylkeskommunane har ansvaret, avsluttar Schjøtt-Pedersen.

Vegvesenet vil ta tak

Statens vegvesen meiner Riksrevisjonen har gjort ei god og grundig undersøking som gir eit godt bilete av utfordringane innan drift og vedlikehald av riksvegane, og som Statens vegvesen allereie er godt i gang med å ta tak i.

Bjørn Laksforsmo, direktør for drift og vedlikehold i Statens vegvesen.

Bjørn Laksforsmo, direktør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Foto: Gunhild Hjermundrud/NRK

– Vi har lykkast med å bremse prisveksten, vi har styrkt samarbeidet med marknaden og vi har innført nye kontraktsformer som skal gi oss meir framkomme, trafikktryggleik og klimakutt for pengane, seier Bjørn Laksforsmo, leiar for Vegvesenets divisjon for drift og vedlikehald.

Han seier at bruk av ny teknologi gir betre informasjon om tilstanden på vegnettet for å prioritere vedlikehaldstiltak til rett tid, som også gir meir vedlikehald for pengane.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark