Kong Harald håper å besøk alle landets kommunar. I dag kunne han stryke over to til, slik at det berre er 69 kommunar igjen.
Tysdag har han vore i Drangedal og Gjerstad. Etter desse besøka har Kongen berre 69 kommunar igjen for å nå målet om å besøke alle landets kommunar i løpet av sin regjeringstid.
Les også:
Gjekk av på Drangedal stasjon
Kongebesøk i Drangedal.
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRKKorpsmusikk for 358. ende gang da Kongen gjekk av toget på Drangedal stasjon i ettermiddag.
Han har vore på ein imponerande besøksrunde sidan han tiltredde i januar 1991.
Fem år gamle Oda Bøen gler seg til å ta imot Kong Harald når NRK pratar med ho.
– Eg trur han kom til å spørje om namnet først, sa Bøen som trur han vil vere glad for blomane ha får.
– Veldig artig
Barna song, kongen fekk ein omvising og blei gjort godt kjent med Drangedal.
Etterpå var kongen godt nøgd.
– Dette har vore veldig artig. Eg har fått sett kva dei gjer her i Drangedal, og her er det driftige menneske. Det er heilt sikkert.
To nye kommunar kan strykast frå listen, kor neste besøk går vet berre kongen, men draumen om å besøke alle landets kommunar lever.
– Vi får håpe at eg rekk over alle, sa Hans Majestet Kong Harald.
Ida Emilie Herfoss får møte Kong Harald.
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRKSkaut ned fem blinkar
Ida Emilie Herfoss.
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRKSkiskyttaren Ida Emilie Herfoss var ein av dei som fekk vise seg fram med Kongen som publikum. Og trass i det kongelege besøket skaut ho fem blinkar rett ned på skiskyttararenaen.
Kong Harald spurte om det var kanskje lettare å skyte nå når du ikkje hadde så høg puls som under ein konkurranse.
– Pulsen var minst like høg nå som under konkurranse, svara Ida Emilie.