Hopp til innhold

Tilbyr alternativ medisin på kommunens rekning

Som fyrste kommune i landet skal Fyresdal bygge opp eit alternativ til vestleg skulemedisin.

Erik Skjervagen

Ordførar Erik Skjervagen (Ap) går nye vegar for å trekkje til seg folk.

Foto: Fyresdal kommune

– Vi må bruke meir tid på å rettleie og førebygge, slik at det blir mindre trong for å behandle sjukdom. Alternativ medisin har alltid vore oppteken av å finne årsakene til at folk får plager, seier ordførar Erik Skjervagen (Ap).

Han har studert kinesisk medisin i 15 år, og praktisert i heimkommunen Fyresdal i 10 år.

I fjor haust blei Erik Skjervagen vald til ordførar. Den nye ordføraren er drivkrafta bak vedtaket om å tilsetje ein komunelege, som i tillegg til å ha ansvar for den tradisjonelle medisinen, skal bygge opp eit alternativ.

– Planen er at folk i Fyresdal skal få eit meir allsidig tilbod enn folk elles i landet, seier Skjervagen.

Hva synes du om at kommunen tilbyr alternativ medisin? Dsikuter nederst i artikkelen.

– Fleire vil flytte hit

Bjørn Nome

Tidlegare ordførar frå Senterpartiet, Bjørn Nome er skeptisk til tilbodet.

Foto: Johs Apold / NRK

Ordføraren trur at alternativet skal få folk til å flytte til Fyresdal – slik at folketalet på drygt 1400 i dag skal vekse.

– Kommunen ynskjer å ha ein profil som utradisjonell og handlekraftig, og det alternative tilbodet skal bygge opp om dette. Dersom vi kan vise til gode resultat for helsa til folk, kan det føre til tilflytting.

Tilbodet møter motstand

Tidlegare ordførar Bjørn Nome (Sp) høyrer til mindretalet, som i kommunestyret sa nei til å gjere alternativ medisin til ein del av kommunehelsetenesta.

– No innfører vi ei helseteneste som det er vanskeleg å føre tilsyn med. Tilsyn er nødvendig for å ta vare på rettstryggleiken til innbyggarane. I tillegg er mange kritiske. Det er alvoleg når folk mister tilliten til helsetenesta.

Fylkeslegen i Telemark, Steinar Aase, vil ikkje kommentere vedtaket.

– Eg ynskjer kommunen lukke til, men det er ikkje vår oppgåve å føre tilsyn med den nye tenesta, seier Steinar Aase.

– Svært positivt

På kafeen i Fyresdal sentrum er avgjersla om å satse på alternativ medisin dagens tema.

Kunne du tenkt deg å gå til nokon som driv med alternativ medisin?

– Dersom det hjelper, så klart, seier ein kvinneleg kafegjest.

– Eg meiner det er kjempepostitivt. Det er flott å ha to ulike tilbod, seier venninna.