Hopp til innhold

Kollisjon mellom MC og bil

Ein personbil og ein motorsykkel har kollidert ved Kilden i Tønsberg. Uhellet skjedde i ei rundkøyring. MC-føraren, ein mann i 60-åra, er køyrt til legevakt for sjekk, melder politiet. Vitne fortel at bilen har skifta fil i rundkøyringa, og truffe motorsykkelen i det andre køyrefeltet. Føraren, ei kvinne i 90-åra, har fått beslaglagt førarkortet.