Hopp til innhold

Sigurd Klomsæt får tilbake advokatløyvet

Sigurd Klomsæt får tilbake løyvet til å praktisere som advokat.

Advokat Sigurd Klomsæt

Sigurd Klomsæt vil ta opp igjen arbeidet som advokat etter at han fekk bevillinga tilbake. Han seier at mykje er ugjort.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Advokat Sigurd Klomsæt frå Drangedal fekk denne veka advokatbevillinga si tilbake. Det skriv TV2 nå i ettermiddag,

Les også:

Den blei trekt tilbake i samband med skuldingar om lekkasje av bilde av Anders Behring Breivik etter 22. juli-terroren.

Det er advokatbevillingsnemnda som gjev Klomsæt løyvet tilbake.

– Eg blei takknemleg og glad for det. Eg har kjempa for å få den tilbake i dei to åra eg har vore utan. Sånn sett er det ein lang kamp som endeleg har ført fram, seier Klomsæt til NRK.

Sigurd Klomsæt mista løyvet til å praktisere som advokat i august 2012. Og Klomsæt seier det har vore lange to år utan rett til å praktisere som advokat.

– Det har gått litt seinare enn det pleier. Eg har passert 60 år i mellomtida. Men nå ser eg berre framover, seier Klomsæt.

Kjem bok i haust

Sigurd Klomsæt

Sigurd Klomsæt seier han har ingen med lekkasjen å gjere.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

I denne tida har Klomsæt brukt mykje ressursar for å kjempe for saka si. Og få fram det han meiner er det faktiske forhold i saka.

– No kjem det ei bok, skrive i av Rolf Øvrum i haust som vil vise kva som er sant og ikkje sant, seier Klomsæt.

Han har fått tak i mykje informasjon om kva som har skjedd i saka, og mykje av det arbeidet er gjort av spesialeininga for politisaker.

– Det viser at det som er påstått om meg er ukorrekt. Dei opplysningane som blei lagt til grunn den gongen, og som også blei slukt av domstolar er dokumentert å vere feil og usant, seier Klomsæt.

Føler at mykje er ugjort

– Så du har ikkje lekka dei bileta?

– Eg har ingenting med den lekkasjen å gjere. Dette materialet var i media før vi fekk det, seier Klomsæt.

– Betyr det at du vil ta opp igjen arbeidet som advokat med ein gong?

– Ja. Eg må det etter beste evne og sjå kva eg får til. Eg har jo vore prega av situasjonen ei stund og har vore ute av bransjen eitt par år.

Klomsæt seier han har brukt tida til å lese seg opp, og følgje med på kva som skjer med andre.

– Eg føler at her er det mykje ugjort, seier Klomsæt.

Har blitt prega

Klomsæt seier han har blitt prega av den aktiviteten som er blitt retta mot han. Og seier han har fått fram opplysningar som viser at krefter i det norske samfunnet har jobba i det skjulte for å få han vekk som advokat.

– Ordet brysam er blitt brukt. Og det er fordi eg har fått frifunne personar som politiet og andre meinte var skuldige.

Han meiner det er alvorleg det som har funne stad.

– Det å kjempe mot staten er vanskeleg. Du veit ikkje alltid kven dei, for dei skjuler seg bak å vere staten. Det har vore utfordrande, men eg har lært av det, seier Klomsæt.