Hopp til innhold

Kasta to containerar med mat etter straumbrot

– Vi hadde straumbrot i 19 timar. Vi hadde ikkje telefon, ikkje internett og ikkje straum, fortel butikksjef Gyry-Anne Hardem i Kiwi Austbygd.

Påfylling av mat i hylling i Kiwi Austbygd, butikksjef Gyry-Anne Hardem og Enok Kongevold.
Kiwi Austbygd har tomme hyller og bestilling lørdagskveld, assisterende butikksjef Anett S. Kleven.

MÅTTE TØMME HYLLENE: Kiwi Austbygd fyller opp i kjølediskane med nye varer i butikken. Butikksjef Gyry-Anne Hardem og Enok Kongevold.

Privat

Tinn kommune var ein periode heilt isolert frå omverda. Vegane var stengt på grunn av tre som falt ned og sperra vegen og naudnettet var borte. Til saman 1400 husstandar i bygdene i Tinn var råka av straumbrotet fredag.

Butikksjef Gyry-Anne Hardem måtte vere i butikken, og der vart det etter kvart veldig kaldt.

– Å sitje slik isolert og ikkje vite nokon ting, det er ikkje noko særleg moro.

Mista mykje mat

Det var utplassert ein ambulanse i Austbygde fordi naudnettet var nede og vegane stengt.

– Vi gav i alle fall dei litt mat, og til nokon hyttefolk som ikkje kom seg til hytta si fordi vegen var stengd. Så då sat vi i mørket og fraus, og håpa at straumen skulle kome tilbake.

Butikksjefen fortel at dei har kasta to containerar med kjøtt, mjølkeprodukt og frysevarer etter uveret.

Også Spar Atrå måtte kaste 1,5 container med mat etter straumbrotet. Butikksjef Irene Haugen Gaustad fortel at det er strenge reglar frå Mattilsynet for at kundane skal vere trygge på maten i butikken.

– Vi mista mykje mat. Men får vere glade for at ingen blei skada, for det var nære på med alle trea som falt over vegen.

Malin Langelid fyller opp hyllene igjen i Kiwi butikken i Tinn Austbygd.

Malin Langelid fyller opp kjøleskapet med mjølkeprodukt i Kiwi Austbygd.

Foto: Kiwi Austbygd

Fyller opp hyllene igjen

Hardem er full av lovord for dei tilsetje som kom på døra for å spørje om dei skulle jobbe.

– Vi har gjort dette saman. Og det er eg veldig glad for.

Hardem fortel at butikken har fått to lastebilar fulle med varer til butikken i dag. Og har nok til at dei kan forsyne bygdefolket.

Regionsjef i Kiwi Ole Jørgen Kjelleberg fortel at dei er i ferd med å kartlegge skadane etter straumbrotet.

– Det viktigaste no er å fylle opp i hyllene i butikken igjen. Den økonomiske delen vil vi ta med forsikringsselskapet seinare.

Utan straum i fire dagar

Gavlen fjellhandel jubler etter å vært strømløse i fire dager.

Annette Lien og Kenneth Grønstad jublar når straumen kom tilbake i butikken etter fire dagar.

Foto: Gavlen Fjellhandel

Annette Lien og Kenneth Grønstad kunne juble då ljoset kom tilbake til Tessungdalen og Gavlen Fjellhandel i 20-tida måndag kveld.

Då hadde dei kjempa for å halde liv i butikken sidan fredag ettermiddag. Ein sambygding lånte dei aggregatet sitt for å berge maten i frysediskar og kjølediskar.

– Fredag såg vi skadane som uveret skapte, så då skjønte vi at dette kan ta tid.

Aggregatet har gått i eitt frå klokka 15.30 fredag ettermiddag til måndag kveld klokka 20 då straumen kom tilbake til bygda.

– Men det verste er at vi ikkje hadde mobildekning om noko skulle skje.

No håpar Annette Lien nærbutikken skal klare det økonomiske tapet som stormen førte til. Etter dei hektiske dagane har ho laga eit nytt slagord: «Bruk nærbutikken når du er ung, så har du han når du blir gammal».

Gavlen fjellhandel utan straum

Bygdefolket støtta opp om nærbutikken i Tessungdalen, sjølv om straumen var borte.

Foto: Gavlen fjellhandel

Gav bort mat til bygdefolket

Frysedisken er tom etter at Lars Egedahl i Norefjord gav bort alt under straumbrotet. Han gav bygdefolket beskjed om å ta alt dei ønska seg i frysedisken utan å betale.

– Vi har tømt frysedisken og gitt bort varer for titusenvis av kroner. Det var jæklig trasig, men det var eit betre alternativ enn å kaste alt i ein container. Eg tenker på matsvinn, sa Egedahl til Laagendalsposten.

Han har rekna ut eit tap i omsetninga på litt over 200.000 kroner, og det er mykje for ein liten butikk.