Hopp til innhold

Christina jobbar i rådhuskantina – no blir ho ordførar

Dagleg diskar ho opp med mat og drikke i rådhuset. No skal Christina Maria Bratli (Ap) ha hovudansvaret for den politiske menyen som blir servert til innbyggjarane i Horten.

Rådhuskantina

TRAVEL VALNATT: Christina Maria Bratli rakk både Aps valvake og å sørgje for vått og tørt til valmedarbeidarane i Horten rådhus.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

Statsrådar i habilitetsbråk og ein eksstatsminister som deler seng med ein aksjefantast, overskygde den politiske bodskapen i partia i årets valkamp.

I kantina på rådhuset i Horten har den nye ordføraren hatt eit heilt anna fokus dei siste månadene.

Parallelt med å drive valkamp for Arbeidarpartiet, har 51-åringen sørgt for at dei som jobbar på rådhuset får vått og tørt.

– Som kantinemedarbeidar lagar eg mat og ordnar kaffi og sånt til møte, fortel Christina Maria Bratli.

Christina Bratli, ordfører Horten, Arbeiderpartiet

Christina Maria Bratli (Ap) rakk også å drive valkamp.

Foto: Robert Hansen / NRK

Lagar lunsj til ordføraren

I tillegg til å ha full stilling i rådhuskantina, har Bratli vore varaordførar i Horten dei siste fire åra. No får ho ordførarkjeda og klubbe på permanent basis.

– Det blir veldig bra. Eg har jo smakt litt på det gjennom å vere varaordførar, så det er ikkje ei heilt framand oppgåve som står framfor meg.

Dei siste åtte åra har partifelle Are Karlsen vore ordførar i Horten. Han er ein av dei som jamleg forsyner seg av Bratlis delikatesser i kantina.

– Ja, ordføraren et her. Eg kjenner jo han veldig godt, og på mange måtar var det han som fekk lurt meg inn i politikken.

Les også Huitfeldt: – Fikk aldri råd om at mannen min burde selge

Anniken Huitfeldt

– Ein fin ting å ha hatt skoa på

Bratli har forståing for at mange reagerer på historier om politikarar som ikkje klarer å følgje lover, reglar og det folket flest oppfattar som heilt vanleg åtferd.

– Har det vorte for mange broilerar, altså personar som har gjort det til ein karriereveg å berre vere politikarar?

– Eg tenkjer det er ein fin ting å ha hatt skoa på. Det er ikkje avgjerande for å vere ein god politikar, men det kan vere nyttig, seier Bratli.

Christina Bratli, ordfører Horten, Arbeiderpartiet

Christina Maria Bratli meiner alle politikarar må bidra til å attskape tillit.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Ernas ektemann sat på heimekontor og handla aksjar, hadde du hatt tid til det?

– Det er vanskeleg å ha kantinekontor heime. Det hadde vorte merka veldig fort om eg sat med aksjar heile dagen. Då hadde det i alle fall ikkje vorte mykje mat, humrar Bratli.

Ho presiserer at ho ikkje eig enkeltaksjar, men fortel at ho har investert litt i nokre små fond.

– Eg trur ikkje det er nokon fare med dei altså. Eg er ikkje bekymra for det. Det blir ikkje noko skummelt her i garden, forsikrar Hortens nye ordførar.

Les også Sindre Finnes kjøpte aksjer da Solberg var statsminister

Stortingets avslutningsmiddag

Folks haldningar og tillit til politikarane blir påverka av det som skjer i politikken og enkeltpolitikars åtferd, ifølgje Signe Bock Segaard som er statsvitar ved Institutt for samfunnsforsking.

Signe Bock Segaard

Statsvitar Signe Bock Segaard.

Foto: Fotograf Carsten Muller

– Samtidig viser forsking at det underliggjande handlar om i kva grad veljarane oppfattar at politikarane er kompetente i rollene deira. Det dreier seg også om i kva grad politikarane faktisk også handlar ut frå ein god intensjon om å vareta folks interesser.