Fabrikken får statsstøtte på nesten 70 millionar kroner til prosjektet, som skal få ned dei høge CO2-utsleppa frå sementindustrien.
Bellona-leiar Frederic Hauge seier at denne type teknologi er livsviktig for klimaet.
Godkjent av ESA
EFTAs overvåkingsorgan ESA har godkjent at Norcem i Brevik får statsstøtte på nesten 70 millionar kroner til bygging av eit forskingsanlegg for karbonfangst ved sementfabrikken.
Målet med prosjektet er å få ned dei høge CO2-utsleppa frå sementindustrien.
Bellona jublar over at Telemark blir verdsleiande i karbonfangst.
– Norcem i Brevik er det første sementverket i Europa, kanskje i heile verda som får ein sjanse til å gå karbonnegativt inn i framtida, seier Hauge.
(artikkelen fortset under biletet)
Kan fjerne meir CO2
Hauge seier at det betyr at Norcem vil kunne fjerne meir CO2 frå atmosfæren enn dei slepp ut frå sementproduksjonen.
– Dersom vi skal løyse klimautfordringane er denne type teknologi livsviktig, seier Bellona-leiaren i ei pressemelding.
Miljøstiftelsen Bellona gav i 2008 ut den høgt internasjonalt anerkjente vitskapelege rapporten «How to Combat Global Warming».
Rapporten viste korleis berekraftig produsert biomasse kombinert med CO2-handtering er eit av dei verkeleg store fremtidshåpa i den globale klimakampen.
Norcem i forkant
Sommaren 2012 var Bellona Europa i Brussel ein aktiv premissleverandør da EUs teknologiplattformer for høvesvis CO2-handtering (ZEP) og biodrivstoff (EBTP) kom med felles rapport som viser mogelege måtar ein slik kombinasjon kan gjerast på.
Rapporten, som Bellona leidde arbeidet med, viser til CCS i sementsektoren, i kombinasjon med ein overgang frå kull til biobaserte brensler, som ein av disse.
– Norcem i Brevik ligg heilt i forkant kva gjeld biomasse og alternative drivstoff, så det er svært gledeleg at dei nå også blir verdsleiande på karbonfangst.
Kan feire i Telemark
Fredric Hauge meiner det er verkeleg noe Noreg kan vere stolte av, og at det er eit kjempebidrag i den globale klimakampen.
– Dette har potensiale til å vekke stor internasjonal merksemd, og vi i Bellona skal gjøre vårt for å skape blest om Brevik-prosjektet i vårt breie miljønettverk i ei rekkje europeiske land, seier Hauge, som elles er viseformann
viseformann i EUs teknologiplattform for CO2-handtering i Brussel.
Hauge meiner karbonfangst- og lagring er einaste teknologi som kan redusere utslepp frå sementindustrien med alt frå 40 til 95 prosent.
– Å få dette på plass dette i Brevik er noe å feire for alle i Telemark, men det er også ein siger for norsk teknologiutvikling og for heile den norske fastlandsindustrien, seier Hauge.
Ikkje jage ut industrien
Bellona er oppteken av at det ikkje hjelper klimaet å jage norsk industri ut av landet, eller europeisk industri ut av Europa, til verdsdelar utan CO2-prising eller annan klimapolitikk.
– Sementindustrien er blant dei få fastlandsindustriane vi har igjen her til lands. Ingen andre miljø driv meir aktivt innan karbonfangst- og lagring enn Norcem i Brevik, avsluttar Hauge i pressemeldinga.