Hopp til innhold

Jan Frode Nornes ny trenar i Odd

Nornes blei onsdag presentert som den nye hovudtrenaren for Odds ballklubb på ein pressekonferanse på Skagerak Arena.

Frode Nordnes ny trener i Odd Ballklubb

Jan Frode Nornes tar over etter Dag-Eilev Fagermo som trenar i Odds ballklubb. Nordnes har vore assistenttrenar i Odd sidan 2007.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Jan Frode Nornes får sjansen som ny hovudtrenar for Odd i Eliteserien fotball. Han var i mange år Dag-Eilev Fagermo sin assistent i skiensklubben.

Nornes-tilsettinga blei offentleggjort på ein pressekonferanse i Skien onsdag. Odd kom på fjerdeplass sist sesong, men mista Fagermo til Vålerenga tidlegare i år.

Rett mann til å ta over

På pressekonferansen sa Nornes at Fagermo sitt råd hadde betydning for avgjerda hans.

– Han sa «Du er rett mann til å ta over». Det har betydd mykje for meg.

Nornes seier han ikkje kjem til å bli ein kopi av Dag-Eilev Fagermo.

– Men han har vore min mentor og læremeister i 12 år. Så eg kjem til å ha med meg mykje av det eg har lært av han inn i denne jobben.

Nornes har spela 172 kampar for Odd i perioden 1996–2006. Han blei Fagermo si høgre trenarhand før 2008-sesongen og har leia laget dei siste vekene.

Henta av Fagermo som assistent

Jan Frode Nornes er oppvaksen i Tønsberg og spelte i barne- og ungdomsåra for IL Flint, og vann mellom anna Norway Cup i 1985 og 1987. Han har spela i fleire klubbar, mellom anna Odd Grenland, der han spelte i 8 år.

I 2006 vart han lånt ut til Strømsgodset, før han i 2007 skreiv under for Sandefjord Fotball.

Etter sesongen vart han først henta inn som ny trenar for FK Tønsberg, men han vart alt før han hadde byrja i jobben henta inn som assistenttrenar under Dag-Eilev Fagermo i Odd.

Odd sin nye trener, Frode Nordnes, blei presentert på ein pressekoferanse

Her blir Frode Nornes presentert som den nye trenaren til Odds ballklubb på ein pressekonferanse på Skagerak Arena. Frå venstre direktør Einar Håndlykken, styreleiar Trond Haukvik, hovudtrenar Frode Nornes og sportssjef Tore Andersen.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Odd har snakka med fleire

Sportssjef Tore Andersen seier at Odds ballklubb hadde mange kandidatar på blokka, og undersøkte grundig.

– Vi har prøva å finne ut kva for person som ville passe best inn som hovudtrenar for Odd. Ut frå dei kriteria vi har, så fann vi ut at Jan Frode Nornes var den beste vi kunne få.

Andersen seier det også var fleire alternativ som klubben har snakka med undervegs. Han trur Jan Frode Nornes vil gjere ein god jobb som hovudtrenar i Odd.

– Det er første gongen han er hovudtrenar. Men eg trur han vil vekse med oppgåvene, seier Andersen.

Tar over etter Fagermo

Nornes overtar trenarjobben etter Dag-Eilev Fagermo som kom frå Strømsgodset i desember 2007. Då Fagermo kom til Odds ballklubb var klubben i 1. divisjon.

Fagermo leidde klubben opp til Tippeligaen på første forsøk.

Det store gjennombrotet kom i 2014 då Fagermo leidde Odds ballklubb til den første medaljen i eliteserien på over 50 år.

I 2016 leidde Fagermo klubben til endå ein ny seriemedalje, denne gongen også bronse.