Hopp til innhold

Lars har vore på det høgaste fjellet i 83 land

Hortensmann reiser verda rundt for å samle på fjelltoppar. No har koronaviruset sett ein mellombels stoppar for eventyraren.

Lars Holme på toppen av Pico Bolivar i Venezuela 4981 meter over havet.

TYNN LUFT: Lars Holme på toppen av Pico Bolívar i Venezuela, som ragar 4981 meter over havet.

Foto: Privat

Han kikkar ut av vinduet på ein regntung julidag. Det har ikkje blitt den årlege turen til eit nytt land og ein ny topp, det sørga koronaviruset for.

– Eg hadde tenkt meg ein tur til Georgia for å gå nokre fjell, men det er vanskeleg nå, seier Lars Holme.

I fjor fekk han med seg fire nye toppar, då han klatra fjella i Benin, Togo, Ghana og Mongolia.

På toppen av Mongolia.

PÅ ANDRE FORSØK: Khüiten Uul i Mongolia er Lars sin mellombels seiste nasjonstopp. Det måtte to forsøk til før han kom seg opp på grunn av uvêr.

Foto: Privat

I år ser det vanskelegare ut.

– Det er stussleg å reise når det er så mykje restriksjonar og usikkerheit, så akkurat nå kjenner eg at det er tryggast å vere heime.

Kom ei tåre på Europas siste topp

For det er ei imponerande liste med toppar eventyraren frå Horten har. Han byrja så smått i 2003 med eit mål å gå på den høgaste toppen i alle Vestfolds kommunar.

No har han samla med seg den høgaste toppen i alle kommunar opp til Nordland fylke og han har ei lang liste med såkalla nasjonstoppar. Det vil seie den høgaste toppen i eit land.

Lars Holme feirar sin seiste nasjonstopp i Europa på Island.

SISTE TOPP: Kransekake på toppen av Hvannadalshnùkur på Island 2110 meter over havet. Som var Lars sin siste topp i Europa.

Foto: Privat

Han har vore på den høgaste toppen i alle Europas land og når han klatra opp på Hvannadalshnùkur på Island som Europas siste nasjonstopp, kom det ei tåre.

– Det var litt vemodig faktisk, så eg gjekk å sippa litt dei siste par kilometerane då, mimrar han seg tilbake.

Fire menn med det Nord-Koreanske flagget på toppen av Nord-Koreas høgaste fjell, Paektu-san.

NORD-KOREA: Her er Lars og gjengen på Nord-Koreas høgaste fjell, Paektu-san 2744 meter over havet.

Høgaste toppen i Ghana.

SANDALTOPP: Her er Lars på den høgaste toppen i Ghana saman med t.v. Runar Halsen, Petter Kragset og Lars Holme.

Lettkledde damer i bikini og menn i bar overkropp på veg opp til Elbrus i Russland. På 4600 meter over havet.

LETTKLEDDE: På 4600 meter på Europas høgaste fjell, Elbrus møtte Lars og gjengen plutseleg bikinikledde damer som servera dei champagne og meloner.

Store gruppe på Aconcagua, det høgaste fjellet i Argentina.

AMERIKAS HØGASTE: Aconcagua i Argentina er det høgaste fjellet på det amerikanske kontinentet med sine 6962 meter over havet.

Ørkenvandring i Qatar med sandalar og nisselue.

ØRKENVANDRING: Det er ikkje alle toppar som er like høge, slik som Al Galail som berre ragar 103 meter over havet.

Aukande trend

At nordmenn er glad i fjell er ikkje noko nytt. Dei siste åra har det vekst fram ulike forum der fjellvandrarar delar sine turrapportar med andre.

Lars Holme blei sjølv inspirert av andre sine reiseskildringar og er aktiv på ulike forum.

På dårlege vegar i Aserbajdsjan.

DÅRLEG VEG: Ein møter på litt andre vegstandarar i verdas avkrokar. Her på veg mot Aserbajdsjans høgaste fjell, Bazarduzu Dagi.

Foto: Privat

Eit forum som har merka auka interesse for å samle på toppar er sida "Peakbook".

– Me har hatt ein jamn stigning i brukarar dei seinare åra, fortel administrator for sida, Morten Helgesen.

Ein dag utan at eg har vore på tur, det er ikkje noko dag.

Lars Holme
Morten Helgesen på toppen av fjell.

MOTIVASJON: Folk finn motivasjon i samle etter lister om dei har samlar genet, seier Morten Helgesen i peakbook.

Foto: Privat

Han seier dei merkar at aktiviteten er sesongbasert med stor trafikk i sommarmånadane. På forumet delar folk rapportar frå inn- og utland og ein kan samle toppar etter ulike lister.

– Me får tilbakemeldingar om at mange finn motivasjon til å kome seg ut, gjennom å samle etter lister.

To forsøk i Vatikanet

Nokre turar er lettare enn andre fysisk sett. Vatikanstaten sitt høgaste punkt ragar ikkje meir enn 75 meter over havet og er Europas lågaste nasjonstopp, men kan vere utfordrande på andre måtar.

– For å komme opp på Vatican Hill i Vatikanstaten må du bestille guiding i Vatikanhaven, det hadde eg ikkje gjort fyrste gongen. Eg måtte difor gjere vendereis, smiler Holme.

Vatican Hill er høgaste punktet i Vatikanstaten.

PÅ BESØK HJÅ PAVEN: Ikkje den høgaste toppen, men likevel vanskeleg. Av dei 16 000 dagleg besøkande til Vatikanstaten, kjem berre 20-30 innom hagen kvar dag.

Foto: Privat

For toppen er alltid det viktigaste for Hortensmannen når han er på tur og innrømmer at turen ikkje er heilt den same om han ikkje kjem på toppen.

– Eg er såpass toppoman at målet er å kome på toppen. Om eg ikkje har kome på toppen er turen mislykka, sjølv om eg har hatt det fint elles, så barnsleg er eg.