Hopp til innhold

Innrømmer at bildet er manipulert

Fleire reagerer på det spektakulære bildet som vart tatt av eit lynnedslag over Norsjø i Telemark. Fotografen innrømmer at han har lagt til noko i bildet.

Lyn og torden og gyldne time over Norsjø i Telemark

MANIPULERT: Mange har reagert på dette bildet, som er tatt av tysdagsettermiddag, med utsikt over Norsjø i Telemark.

NRK har valt å fjerne ein tidlegare versjon av saka som inneheldt feil.

NRK skreiv onsdag om eit blinkskot av torevêret over Sør-Noreg. Men etter at artikkelen vart lagt ut, er det mange som har reagert på fotografiet. Fotografen vedgår at han har gått litt for langt

– Lynet er forsterka og manipulert. Eg hadde fått vatn på objektivet, også ynskte eg å gjenskapa det naturfenomenet eg såg.

– Er lynet henta frå bildedelingstenesta Deviant Art?

– Det var eit bilde eg hadde i arkivet mitt, som eg ikkje veit kvar kom frå. Det kan godt hende det kom derfrå.

– Syntest det var noko som skurra

Oda Strifeldt er ein av dei som har tipsa NRK om at bildet kan vera manipulert. Ho seier at det var mora hennar som gjorde henne merksam på bildet, og dei var einige om at det var noko som skurra.

– Eg vart nysgjerrig og søkte litt rundt på nett. Da fann eg til slutt eit bilde av eit lynnedslag som var heilt likt.

Strifeldt seier ho vart overraska da ho fann eit heilt likt bilde av eit lyn.

– Eg vart litt sjokkert og synest det er uheldig.

– Matchar hundre prosent

Når Eirik Solheim i NRK Beta ser bildet, reagerer han umiddelbart på at det manglar refleksjonar i sjøen. Etter kvart stadfestar han at lynet på bildet frå Norsjø er identisk med eit bilde som finst på Deviant Art, eit nettsamfunn for kunst- og fotointeresserte.

Eirik Solheim

LOV Å JUSTERE FARGAR: Erik Solheim i NRK Beta seier at dersom ein legg til noko i eit bilde, så bør ein opplyse om det.

Foto: NRK

Solheim seier at det er ein kjempestor diskusjon kvar grensa går mellom redigering og manipulasjon.

– Som oftast er det lov å justere på fargar og skarpheit. Men i nyheitsjournalistikk er det strengare enn i kunst. Når du set saman to bilde, eller legg til noko eller trekker frå noko, da bør du opplyse om det.

– Er bildemanipulering eit stort problem?

– Eg vil ikkje seia at det er eit stort problem, men innanfor nyheitsjournalistikk kan ein jo manipulere meiningane til folk. Det er ei aukande utfordring. Det gjeld å vera kritisk uansett kvar bilda kjem frå.

Effektmakeri

Fotograf Morten Krogvold uttalte tidlegare til NRK at bildet frå Norsjø var fabelaktig. Når vi ringjer tilbake for å fortelja at mange har reagert på bildet, blir han ikkje overraska.

Morten Krogvold

MÅ VERA KUNSTNARISK: Fotograf Morten Krogvold seier det er greitt å manipulere bilde, men da må det vera eit kunstnarisk prosjekt.

Foto: Trond Andersen

– Mange er meir opptekne av effektmakeriet enn av innhaldet. Det er lett å gå i fella der ein blir meir glad i datamaskinen enn i bilda.

Krogvold seier at han framleis synest det er eit fint bilde, men dersom det er manipulert så bør det koma fram frå fotografen si side.

– Det er greitt å manipulere, men da må det vera eit kunstnarisk prosjekt. Det er heilt legalt å etterbehandle eit bilde, men da må det vera ei meining med det.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark