Snøkaos i kystperle – kommunen strevar med å finne plass til all snøen

Snøhaugane har hopa seg opp i Kragerø etter det massive snøfallet. Det hastar å få vekk snøen om den ikkje skal renne ut i havet.

Snøhaugar i Kragerø

STORE HAUGAR: Store snøhaugar som dette blir liggande i gatene fram til kommunen får køyrd dei vekk og deponert dei på land.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

Det har kome enorme mengder snø i Sør-Noreg dei siste dagane. Ifølgje Meteorologisk institutt er det sett snørekord i desember.

– Det er jo ikkje vits å opne døra her i dag, seier Roger Brubakken som driv butikk i Kragerø sentrum. Han blei møtt av store mengder snø utanfor butikken i dag tidleg.

Kragerø kommune må prioritere kor dei brøyter, og beklagar til dei innbyggarane som er råka av situasjonen.

– Når det kjem 80 cm snø på så kort tid, så blir situasjonen enormt krevjande. Me har alle ledige mannskap ute, seier kommunedirektøren i Kragerø Dag Willien Eriksen.

Snøkaos i Kragerø

Snøhaugane gjer det vanskeleg for folk å kome fram.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

Kaos i byen

Tidlegare har snøen i Kragerø blitt dumpa i sjøen, men no må brøytesnøen bli deponert på land.

– Viss me kunne dumpa snøen i sjøen, så ville me enklare blitt kvitt desse store haugane, seier Eriksen.

I morgontimane i dag var det fleire folk i Kragerø som ikkje kom seg fram på grunn av mykje snø. Klokka 12 melder kommunen at dei har fått rydda unna snøen på dei viktigaste bilvegane.

Likevel ligg det store snøhaugar i gatene.

Lars Kjendal er blant dei som ikkje forstår kvifor kommunen ikkje kan dumpe denne snøen i havet.

– Det er vel desse miljøvernarane som ikkje vil det, seier Kjendal.

Lars Kjendal

Lars Kjendal prøvde å kome seg ut med bilen i Kragerø i dag tidleg. Han skildra situasjonen som det komplette kaos.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Skitten snø

Kragerø kommune viser til forureiningsloven, og seier at dei ikkje lenger kan dumpe snø i havet.

– Me kan ikkje garantere at snøen me dumpar er rein, seier Eriksen.

I ein instruks frå Miljødirektoratet står det at dumping av snø i sjøen ikkje er ønskeleg viss snøen kjem frå område der det bur mykje folk, eller det går mykje trafikk.

Kommunane må ha løyve til å handtere snø etter forureiningsloven viss det er fare for at snøen er miljøskadeleg. Eriksen seier det er viktig for kommunen å vere miljøvennlege, og at dei har gode planar for bortkøyring av brøyta snø.

Men sidan snøfallet har vore ekstra krevjande er det vanskeleg å deponere alt på land.

– Det er viktig for oss at skjergarden er rein, men nokre gonger er det vanskeleg å balansere omsyna, seier Eriksen.

Samstundes hastar det å få vekk snøhaugane. Viss det blir plussgrader i neste veke vil snøen smelte, og renne ut i sjøen likevel.

– Det er litt av ironien i det heile, seier Eriksen.

Snørekord

Det har vore snøkaos i Sør-Noreg i fleire dagar. Meteorologisk institutt melder at området rundt Kragerø er særleg råka.

Ein dryg time med bil frå Kragerø er det sett snørekord i desember. 102 centimeter snø er målt på Nelaug i dag.

Sørlandet har no meir snø enn alle dei kjende skidestinasjonane på Austlandet.

Snømengder

Meteorologisk institutt har laga ein oversikt over snømengdene i dag.

Foto: Meteorologisk Institutt

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Vigdis Hella

Siste nytt fra Vestfold og Telemark

Siste nytt fra Vestfold og Telemark