Hopp til innhold

Inger Lise trappa ned medisinbruken: – Nå kan eg gå i byen aleine

Nedtrapping i bruken av enkelte medisinar har ført til betre liv for sjukeheimspasientar i Kragerø. Lege meiner fastlegekrisa i Noreg har bidratt til at pasientar blir feilmedisinert.

Inger Lise Andersen (65)

Inger Lise Andersen bur på Marienlyst sjukeheimar i Kragerø.

Foto: Linea Søgaard / NRK

Inger Lise Andersen har budd ved Marienlyst Sykehjem i Kragerø i åtte månader.

Hovne bein og kreftsjukdom førte til at ho var mykje sengeliggande i starten. Samtidig gjekk ho på sterke medisinar, og fekk fire–fem medikament samtidig.

– Eg var veldig sjuk og kunne ikkje gå dei første månadene. Eg var heilt borte, fortel ho til NRK.

Mange ulike medikament, samtidig, kan i seg sjølve gi mange negative biverknader. Og det har sjukeheimen sett på fleire av pasientane.

I 2022 blei fekk pasientane på sjukeheimen i gjennomsnitt 8,9 legemiddel.

Nå har dei kutta ned med 40 %.

– Vi har stort sett plukka bort dei medisinane folk kan bli avhengige av og som har store biverknader, slik som morfin- og sovemedisin, seier lege Andreas Stoklund Riis.

Det gav også resultat for Inger Lise Andersen, synest ho sjølv.

– Nå kan eg gå ut i byen og handle aleine. Det er heilt fantastisk, seier ho.

Marienlyst sykehjem, Andreas Stoklund Riis

Andreas Stoklund Riis er lege ved Marienlyst Sykehjem i Kragerø.

Foto: Linea Søgaard / NRK

Fastlegekrisa får litt skuld

Legen seier effekten av omlegginga stort sett har vore positiv. Samtidig er det grunn til å spørje om pasientane i utgangspunktet har vore feilmedisinerte.

– Desto eldre ein blir, desto fleire sjukdommar kjem og fleire medisinar treng ein. Men når ein blir såpass sjuk at ein hamnar på sjukeheimar, endrar spelereglane seg, meiner Stoklund.

– Behovet for førebyggande medisinar er ikkje like stort. Kroppen og metabolismen din endrar seg, så dei medisinane du har fått tidlegare verkar på ein annan måte eller verkar ikkje i det heile, utdjupar han.

Samtidig meiner han at fastlegekrisa har litt av skulda for at feilmedisinering skjer.

– Det er vanskeleg å halde kontinuitet for pasientane. Viss fastelegen er vikar eller mellombels, blir det vanskeleg for legen å ha oversikt over kvifor pasientane eigentleg får medisinane.

Marienlyst sykehjem, medisinrom

Mange medisinar blir gitt til bebuarane ved sjukeheimar. Kragerø kommune har gått gjennom medisinbruken for å prøve å få han ned.

Foto: Linea Søgaard / NRK

På landstoppen

For to år sidan fann Kragerø ut at dei låg heilt i toppen av statikken for medisinforbruk.

Kommunen tilsette Stoklund som fast sjukeheimslege, og gjekk laus på oppgåva med meir oppfølging av pasientane.

Helene Moen Nesodden

Helene Moen Nesodden er glad for at dei har greidd å kutte ned på medisinbruken blant sjukeheimane.

Foto: Linea Søgaard / NRK

Dei anbefaler andre kommunar å gjere det same, fordi livskvaliteten til mange pasientar har auka.

– Bruk sjukeheimslegen og dei tilsette til å gå gjennom medikamentbruken – for å sjå om livskvaliteten til bebuarane kan bli betre, seier verksemdsleiar Helene Moen Nesodden.