I eit brev til storebror Henrik Ibsen frå 1885 skildrar Ole P. Ibsen asketreet i sine minner frå oppveksten på Venstøp i Skien. Asketreet står i hagen til familien Ibsen sitt landsted der Henrik også bodde frå 1835 til 1843.
– Lillebroren til Henrik Ibsen skriv om det store gamle asketreet i hagen der dei leika som barn i brevet, seier Jørgen Haave ved Telemark Museum.
- Les og
- Les og
- Les og
Falt med eit brak
Jeanette Næs sat i stoga på Venstøp då det gamle asketreet måtte gje tapt for vinden i seks, halv sju tida på søndag kveld.
– Eg høyrde eit vanvittig brak, så eg trudde først asketreet hadde falt over huset, seier Næs.
Jeanette Næss gjekk ut for å sjå kva som hadde hendt, og då såg ho at asketreet var delt i to, og at mesteparten av treet låg på bakken i hagen.
Råttent inni
Ein del av asketreet står igjen på rota, og det skal Skien kommune felle.
– Asketreet er pill råttent innvendig. Men treet er veldig gamalt, vi får telle årringar etter at vi har felt det. Eg tippar det kan vere 150-200 år gamalt, seier Daniel Bjørntvedt Kåsa, i Skien kommune som skal felle restane av asketreet.
Telemark Museum er ikkje heilt sikre på om dette er akkurat det asketreet lillebroren omtaler i brevet til storebror Henrik Ibsen, men Jørgen Haave trur ialle fall det har stått i hagen den gongen.
– Etter at resten av asketreet er felt må vi gå igang med å finne ut alderen, seier Haave.
(artikkelen fortset under bilete)
Tusen år gamal eik
Uværet som herja over delar av Sør-Norge dei siste dagane har blåst ned mange tre. Ved Berg Museum i Kragerø blei fleire gamle eiketrær blåst over ende søndag kveld.
Eitt av dei knekte eiketrea er kan vere nærare eitt tusen år gamalt. Det hadde ei rotstamme på 3-4 meter, og var verdsatt som eit kulturminne.
- Dette var veldig synd, eg heldt på å gråte då eg såg det. Her har ungane klatra og leika. Men naturen har sagt sitt, vi skal alle døy ein gong, seier Else Bjørg Finstad i Berg Museums venner.