Hopp til innhold

Hydro sel Herøya Industripark

Hydro sel Herøya Industripark i Porsgrunn. Ei gruppe selskap står saman med kommunen klar til å kjøpe industriparken.

Herøya Industripark Porsgrunn

Hydro vil selje verksemda som er samla på Herøya Industripark i løpet året.

Foto: NRK

Hydro skriv i ei pressemelding fredag at dei ønskjer å selje selskapa Herøya Industripark og Herøya Nett.

Samstundes stadfester konsortiet som i fleire år har samarbeida med Hydro om ei overtaking i framtida, at dei står klar til å kjøpe industriparken.

Gruppa består av Yara Norge AS, Bilfinger Industrial Services Norway AS, Skagerak Nett AS, Siva SF og Porsgrunn kommune.

Les også: Vil kjøpe Herøya Industripark

Vil finne profesjonell eigar

Avgjerda er ein konsekvens av at Hydro dei siste 10–15 åra har gjennomgått store endringar, frå eit konglomerat med fleire satsingsområde til eit reindyrka aluminiumselskap med stor eigenproduksjon av elektrisk kraft.

Hydro tar sikte på ein ordinær, open salsprosess der både lokale, norske og internasjonale interessentar vil bli invitert til å legge inn bod.

Målet er å finne ein profesjonell eigar med ressursar og kompetanse til å drive og utvikle industriparken vidare.

Les også: Imponert over industrien i Grenland

Tilsette får ny eigar

Det er usikkert kor lang tid salsprosessen vil ta, men det er rekna med at ein ny eigar vil vere på plass i løpet av året.

Det Hydro tar sikte på å selje, er verksemda som er samla i Herøya Industripark AS og Herøya Nett AS, inkludert eigedommar, eigne bygg, infrastruktur, elektrisitetsnett og anlegg for prosessvassforsyning.

Om lag 50 tilsette vil ved eit sal bli med over i nytt eigarskap.

Les også: – Vi har aldri vært så nær som nå

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark