Hopp til innhold

Kvinne omkom i husbrann i Skien

Ein person blei henta ut etter ein husbrann på Moflata i Skien. Det er no stadfesta at det er ei kvinne som er død i brannen.

Husbrann i Skien

Brannvesenet melde at dei rykka ut etter melding om røykutvikling ved Moflata kl. 11.51

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Politiet opplyste etter kort tid at brannen var sløkt og at det ikkje er fare for spreiing. Dei opplyser også at krimteknikarar er på veg til staden.

Laster Twitter-innhold

Ein person blei henta ut av huset som brann på Moflata i Skien. Skadeomfanget er framleis ukjent. Brannvesenet har sløkt brannen, og krimteknikarar er på veg, opplyser politiet.

Kvinne omkom i brannen

Annie Sandersen

Politistasjonssjef Annie Sandersen ved Grenland politistasjon.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Ei kvinne i 40-åra er død etter ein brann på Moflata i Skien tidlegare i dag, det stadfester operasjonsleiar Geir Kastmo i Sør Øst politidistrikt i Telemark.

Politistasjonssjef Annie Sandersen seier til NRK at pårørande er blitt varsla.

Krimteknikarar er nå på staden, men politiet mistenker ikkje at det har skjedd noko kriminelt.

– Det er ingenting som tyder på det nå, ut frå det krimteknikarane har sett på staden, seier Sandersen.

Men krimteknikarane er ikkje ferdig med det arbeidet dei skal gjere.