Hopp til innhold

Høyrer om fleire barn som kjenner seg utrygge i barnehagen – dette er teikna

Det kan vere vanskeleg å fange opp signal frå små barn, meiner UDIR.

Illustrasjonsbilde av utestenging/krenking/mobbing av barn

KRENKING: Foreldreutvalet for barnehagar høyrer om fleire barn som ikkje føler seg trygge i barnehagen. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Dina Sofie Espeseth / nrk

I 2021 opplevde Det nasjonale Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) ein auke i talet på førespurnader frå foreldre som fortalde at barna deira ikkje kjende seg trygge i barnehagen.

Leiar i FUB, Einar Olav Larsen, opplyser at det auka frå 17 førespurnader i 2020 til 33 førespurnader i 2021.

– Det er ein markant og urovekkjande auke, seier Larsen.

Dei siste førespurnadene gjekk hovudsakleg ut på hendingar der vaksne skal ha krenka barn.

Foreldre har stort sett vore i dialog med barnehagen først, men kjenner ikkje at saka har vorte løyst på ein god måte. Dermed har dei teke kontakt med FUB.

– Barnehagen reknar saka som avslutta, og så har foreldra eit anna syn på det, og så er det spørsmål om kva dei skal gjere vidare.

FUB gir råd og informasjon til foreldre og barnehagetilsette om korleis dei best kan samarbeide.

Leiar i FUB Tønsberg, Christina Grefsrud-Halvorsen, fortel at dei ikkje har merka nokon auke av førespurnader lokalt.

Likevel minner ho om at det er mogleg å kontakte Mobbeombodet i mobbesaker, og at det er ein instans ein kan bruke ved behov for bistand.

Nytt lovverk

I 2021 vart kapittel 8 i barnehagelova oppdatert, og ordlyden vart tydelegare presisert.

Lova går ut på at tilsette i barnehagen har plikt til å gripe inn viss eit barn ikkje kjenner seg trygg i barnehagen.

Dei tilsette skal òg seie frå til styrar viss dei mistenkjer eller får vite at barn i barnehagen ikkje har det bra i barnehagen.

Larsen trur at den nye lova har ein innverknad på talet på førespurnader dei fekk inn i 2021. Dette fordi lovverket gjer tilsette og foreldre meir medvitne på at mobbing faktisk skjer heilt ned i barnehagealder, og ikkje berre på skulen.

Leder i Foreldreutvalget for barnehager, Ole Einar Larsen

NYTT LØYVE: Leiar i FUB, Einar Olav Larsen, trur den nye lova kan vere ei av årsakene til dei auka førespurnadene dei fekk inn i fjor.

Foto: Foreldreutvalget for barnehager (FUB)

Det er seniorrådgivar i Utdanningsdirektoratet, Reidun Antonsen, samd i.

Ho trur ikkje at sjølve lovverket har ført til store endringar, men det at dette no er lovpålagt og at plikta er gjort tydeleg for barnehagen og synleggjort for foreldre, så skjønner ho at dette kan ha ein påverknad på tala til FUB.

Les òg: For Lilly ble hjemmeskole uutholdelig. Nå sliter hun med å komme tilbake.

Lilly ved bordet
Lilly ved bordet

Tidleg dialog

Antonsen fortel at barnehagen ikkje skal godta nokon type krenkingar, og dei skal førebyggje hendingar slik at barna har det bra.

Reidun Antonsen, seniorrådgiver i Utdanningsdirektoratet (UDIR)

DIALOG: Seniorrådgivar i Utdanningsdirektoratet, Reidun Antonsen meiner det er dialog som er det viktigaste mellom barnehage og foreldre.

Foto: Utdanningsdirektoratet

Ho påpeikar at det kan vere vanskeleg å fange opp signal frå små barn.

– Barns åtferd er eit språk, og spesielt i barnehagen er det mange som ikkje er så sterke verbalt, og personalet må lære seg å lese åtferda, seier Antonsen.

Ho legg til at det då krev at dei tilsette i barnehagen er årvakne og veit kva dei skal sjå etter hos barna.

Likevel presiserer ho at kvart enkelt barn er særeige, og at ein må sjå på kvart barn og kvar sak individuelt.

Men det viktigaste ein forelder eller tilsett kan gjere, er både Larsen og Antonsen samde i: God og tidleg dialog mellom barnehage og foreldre.

– Saman kan tilsette og foreldre skape ei trygg ramme for eit trygt og godt barnehagemiljø, avsluttar Antonsen.