Hopp til innhold

Tom Vidar gjorde alt riktig da Camilla haldt på å drukne

Redningsselskapet kjem no med fem enkle råd til korleis du kan hjelpe ein person som er nær ved å drukne.

Reddet fra drukning - Tom Vidar Røed og Camilla Eriksen

NÆR DØDEN: Tom Vidar Røed redda Camilla Eriksen frå å drukne.

Foto: Lars Tore Endresen

Sommaren er høgsesong for drukningsulykker i Noreg. I 2020 drukna til saman 88 personar. Av desse drukna nesten halvparten mellom juni og august.

Så langt i år har 19 personar drukna i Noreg.

Camilla Eriksen kunne vore ein del av denne statistikken. 12. mai var ho på kanotur i Siljan med hunden sin.

Plutseleg gjekk det gale.

– Eg skulle berre snu kanoen, seier Eriksen.

Men under snuoperasjonen velta kanoen, og Eriksen fall i innsjøen. Vatnet var kaldt, og ho streva med å puste.

Ho hadde ikkje på redningsvest.

– Det var ikkje i mine tankar å bruke redningsvest, men eg kjem til å huske det neste gong, seier Eriksen.

Redningsmannen

Heldigvis for Eriksen kom Tom Vidar Røed tilfeldigvis ned til vasskanten kort tid etter at kanoen velta.

Han syntest det var rart at Eriksen låg i vatnet, og ropte ut til ho fleire gonger.

Men han fekk ikkje noko svar.

Da skjønte Røed at noko var gale og han kom han seg nærmare Eriksen, og fekk tak i kanoen.

– Eg spurte om ho greidde å halde seg fast i kanoen slik at eg fekk trekt ho inn, seier Røed.

Fem råd

Ifølgje Redningsselskapet er det ikkje uvanleg at folk druknar i det stille.

Tanja Krangnes, Seksjonsleder fagområdet drukning, Redningsselskapet.

NULLVISJON: Tanja Krangnes er Seksjonsleiar for fagområdet drukning i Redningsselskapet. Ho jobbar for at færrast mogleg skal døy av drukning.

Foto: Redningsselskapet

– Drukning er ikkje som på film. Den som druknar brukar alle kreftene sine på å halde seg over vatnet og puste, seier Tanja Krangnes. Ho er seksjonsleiar i Redningsselskapet og har ansvaret for fagområdet drukning.

Når me no går inn i sommarsesongen har Redningsselskapet fem råd til folk som kjem over ei drukningsulykke.

NRK forklarer

Kva skal du gjere når nokon er i ferd med å drukne?

Kva skal du gjere når nokon er i ferd med å drukne?

1. Rop ut

Ropinga gjer omgjevnadane oppmerksame på kva som skjer. Om personen i nød berre trengde å orientere seg er redninga utført når du ser at vedkommande har komme seg i land sjølv. Viss personen ikkje reagerer må du gå over på neste steg.

Kva skal du gjere når nokon er i ferd med å drukne?

2. Rekk ut

Rekk ut ein forlenga arm for å få tak i personen. Dette gjer du om personen er bevisst og mindre enn fem meter unna. Det kan vere ein lang gjenstand som ei fiskestong, ein pinne, båtshake eller noko liknande du finn i nærleiken. Sørg for at du sjølv har ei stabil stilling.

Kva skal du gjere når nokon er i ferd med å drukne?

3. Kast ut

Kast ut livbøye, flytevest eller noko liknande med oppdrift som kan hjelpe personen til å halde seg flytande. Ei livbøye har som regel ei line på rundt 20 meter. Behald lina og kast ut bøyen, så kan du trekke personen mot land.

Kva skal du gjere når nokon er i ferd med å drukne?

4. Ro ut

Viss personen i vatnet er langt ute frå land, og du har ein båt i nærleiken, kan du bruke den for å kome deg tettare på. Dette gjeld også om personen er medvitslaus i vatnet. Få personen i nød til å halde seg i akterenden av båten, eller hald personen til hjelpa kjem om vedkommande er for svak.

Kva skal du gjere når nokon er i ferd med å drukne?

5. Svøm ut

Om du ikkje har trening i livredning er det tryggast å skaffe hjelp. Ein person som druknar kan ha panikk, og kan dra deg under. Må du svømme ut, bør du ha med noko som flyt for å ha mellom deg og personen i vatnet. Det kan for eksempel vere ein redningsvest, ei bademadrass eller aller helst ei livbøye om det finnast på staden. Er det fleire personar i nærleiken, kan du få ein annan til å halde tauet og dra dykk inn.

Bruk redningsvest

Tom Vidar Røed følgde dei to første råda til Redningsselskapet da han redda Camilla Eriksen frå å drukne.

Røed får skryt for innsatsen, og Eriksen er takksam for at han redda livet hennar.

– Ho hadde ikkje mykje krefter igjen da eg kom ut til ho. Det viser kor viktig det er å bruke redningsvest, seier Røed.

Han får støtte frå Redningsselskapet som peiker på at redningsvest kan vere skilnaden på liv og død. Sjølv på korte turar.

– Ein bør alltid bruke vest i båt. Sjølv om det er ein kano, seier Krangnes.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark