Hopp til innhold

Telemarkskanalen er stengt

– Eg har vore her oppe i 14 år og har aldri vore med på noko liknande, seier Tove Berg. Ho og mannen er vêrfast på båten i Lunde.

Lunne

MYKJE VATN: Båtane i Lunne må vente med å reise vidare til vasstanden har sokke. Bildet er teke tysdag morgon.

Foto: Privat

Ekteparet Berg og 10–12 andre båtar har fått beskjed om at dei må belage seg på å liggje der fram til torsdag klokka 13.

– No er det vel eigentleg vêrgudane som planlegg for oss, vi skulle eigentleg reist ned i dag.

– Ei spesiell oppleving

Tove og Sigurd Berg har feriert i Telemarkskanalen i over ein månad, no ser det ut til at dei må bli der nokre ekstra dagar.

Dette er første gong på 14 år at ekteparet opplever at vasstanden er så høg som no.

– Det er berre ei spesiell oppleving, humrar Tove når ho snakkar med NRK på telefon.

Ho fortel at dei har følgt godt med på vêrmeldingane, og at dei derfor var førebudde på situasjonen dei no har hamna i.

– Vi så jo at det skulle komme ekstremt mykje nedbør her, og då tenkte vi at dette kunne skje.

Medan regnet hamrar mot båttaket skal Tove bruke tid på å kose seg. Ho skal strikke, ete god mat og berre slappe av.

Tove Berg

LIKE BLID: Tove Berg skulle reist heim i dag etter å ha vore på ferie i Telemarkskanalen i over ein månad. Men vêrgudane ville det annleis.

Foto: Privat

Måtte stengje slusene

Telemarkskanalen er ein ynda turistmagnet på sommartid. Men no kjem ikkje småbåtane seg opp høgare enn til Norsjø.

Slusene mellom Ulefoss og Bandak er stengt for fritidsbåtar på ubestemt tid.

– I første omgang vil det vere ut dagen, seier dagleg leiar Steinar Arntzen.

Steinar Arntzen, dagleg leiar Telemarkskanalen

TEK IKKJE SJANSEN: Dagleg leiar i Telemarkskanalen FKF, Steinar Arntzen, seier dei ikkje tek sjansen på å la fritidsbåtar sleppe inn i slusene mellom Ulefoss og Bandak.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

Han veit ikkje kor mange båtar som er ramma av at det blei stengt, men antek at det dreier seg om rundt 10 til 15 båtar.

Arntzen seier dei ikkje tek sjansen på å la fritidsbåtar sleppe inn i slusene mellom Ulefoss og Bandak, før det blir mindre vassføring.

– Dei som køyrer småbåtar eller fritidsbåtar kan komme seg frå Skien til Norsjø, men vi prøver å stengje slusene opp frå Ulefoss til Hogga, seier han tysdag morgon.

Veit ikkje når dei kan opne

Alle båtar som ligg ved Hogga blir oppmoda til å ikkje reise ned ved Bandak.

I løpet av natta har det komme meir regn, og per no finst det ingen sikre prognosar på når slusene kan gjenopnast.

– Ifølgje driftssentralen på Dalen som Statkraft driftar, og som køyrer vassføringa her så har dei ikkje noko konkrete tidspunkt. Prognosane er dei veldig usikre på.

Arntzen reknar med at stenginga i alle fall vil vare ut dagen.

telemarkskanalen_stengt