Hopp til innhold

Upopulær krabat: – Den har kome for å bli

Hjortelusfluga bit seg fast, og syg blod frå både dyr og menneske. – Det finst ingen metode for å bli kvitt han, fastslår professor.

Hjortelusflue

VENTAR PÅ NESTE OFFER: Hjortelusfluga har blitt ei plage for både dyr og menneske.

Foto: Espen Andersen / NRK

Dei kjem gjerne i store svermar på varme dagar, og klekkjer på hausten.

Vanlege myggmiddel gir lite eller ikkje noko vern mot parasitten, som framleis er å rekne som relativt ny her til lands.

Hjortelusflue

Med to tusen hjortelusfluger på ein elg, kan det i teorien bli nærare seksti tusen av dei.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Ei plage

Naturfotografen Per Ole Halvorsen går lange turar i skogen på jakt etter gode motiv i skogen, og er ein av dei som har fått kjenne hjortelusfluga på kroppen.

Naturfotografen Per Ole Halvorsen

Per Ole Halvorsen har merka at hjortelusfluga har komme for å bli når han er ute på tur i skogen.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Dei siste vekene har fluga blitt ei ordentleg plage.

– Plutseleg byrjar det å klø i øyra eller nakken. Dei er vanskelege å få tak i, fortel Halvorsen til NRK.

I Noreg blei fluga oppdaga først i 1983, på ein elg ved Halden i Østfold, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

Dei siste åra har den vesle hjortelusfluga spreidd seg til stadig nye område.

Den norske totalutbreiinga i 2020 omfattar, ifølgje FHI, låglandsområda i Søraust-Noreg, kystnære område på Sørlandet og dessutan nokre få funn i søraustlege Rogaland.

Reporter Fredrik Solbu Jullumstrø blir plaget av hjortelusflua på tur i skogen.

Reporter Fredrik Solbu Jullumstrø blir plaget av hjortelusflua på tur i skogen i 2018.

Formeirar seg i høgt tempo

Olav Rosef, professor emeritus ved Universitetet i Søraust-Noreg, har følgt nøye med på utviklinga til hjortelusfluga dei siste åra.

Han tek oss med til ein nyslakta elg, der ein tydeleg kan observere korleis fluga oppfører seg.

Bakparten på dei små insekta har utvida seg, eit sikkert teikn på at dei har soge til seg blod frå det døde dyret.

Olav Rosef, professor emeritus

Olav Rosef, professor emeritus ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Den kjem flygande, og kastar frå seg vengene når han treffer. Så henger han seg fast, og er vanskeleg å få ut, forklarer Rosef.

Fluga formeirar seg raskt.

Med to tusen hjortelusfluger på ein elg, kan det i teorien bli nærare seksti tusen av dei.

Hjortelusflua

Hjortelusfluga trivst spesielt godt på elg, hjort og rådyr, men også menneske får gjennomgå.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Dei trivst i skog og mark, der elg, hjort og rådyr ferdast.

Den takkar heller ikkje nei til ein bit av deg og meg om vi skulle kome ruslande forbi.

Og for dei som håpar at hjortelusfluga utgjer ei forbigåande utfordring for turgåarar, må professoren skuffe oss.

– Den har kome for å bli. Det finst jo ingen metode for å bli kvitt han, seier Rosef.