Hopp til innhold

Hjortelusflua spreier seg til nye område

Hjortelusflua spreier seg stadig til nye område. Veterinærinstituttet er uroa for utviklinga.

Hjortelusflua sprer seg stadig til nye områder.

Hjortelusflua er eit problem for elgen. Det kan bli mange tusen som set seg fast i pelsen på dyret.

Knut Madslien, Fagansvarleg vilthelse på Veterinærinstituttet, seier det er ubehageleg for dyret at hjortelusflua suger blod fleire gonger om dagen.

Hjortelusflua er eit problem for både elg og andre hjortedyr. Den trivest best på elgen, og når den først har landa og sett seg i pelsen på dyret så kan det vere mange tusen av dei.

Elgjeger Vidar Holthe fortel at det kan bli sår som det kjem væske ifrå opp til ei veke eller 14 dagar.

– Fleire får ein relativt allergisk reaksjon på å bli biten av hjortelusflua, seier Holthe.

Hjortelusflua spreier seg til stadig nye område. Nå fryktar veterinærinstituttet at den også skal angripe villreinen i Sør Norge

– Vi er uroa for at hjortelusflua spreier seg over i område der den kan kome i kontakt med reinsdyr, seier Madslien.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark