Hopp til innhold

Smart å snu døgnet til skulestart: – Det blir vanskeleg

Mange prøver å snu døgnrytmen etter ein lang ferie. Her er råda frå hjerneforskar.

Vito Leander og Caspian Felipe Natedal frå Porsgrunn.

Vito Leander og Caspian Felipe Natedal må snu på døgnet før skolen startar igjen. Det kan bli vanskeleg.

Foto: Privat

Ein lang skuleferie er snart over. Dei fleste skulebarn startar på skulen igjen denne veka.

Då må ein rette litt på døgnrytmen, som gjerne har sklide litt ut i løpet av sommarferien.

Vito Leander Natedal og Caspian Felipe Natedal er to skulegutar i Porsgrunn på 12 og 10 år som har ein jobb å gjere med å finne den rette døgnrytmen.

– Eg har vore veldig mykje vaken, for det var veldig varmt om natta. Eg sleit veldig med å få sove, seier Caspian Natedal.

Han fortel at dei legg seg ganske seint i sommarferien.

– Cirka halv tolv, halv elleve, seier Vito.

– Korleis blir det å stå opp til skoletid?

– Det blir vanskeleg.

Tips for å snu døgnrytmen

Fastlege og hjerneforskar Ole Petter Hjelle seier det å snu døgnet etter lang ferie, er noko veldig mange slit med.

– Det viktigaste er så tidleg som mogleg kome tilbake til den normale døgn- og søvnrytmen som du har når du går på skole.

Han seier det beste er å legge seg og stå opp til same tid sjølv om det er kvardag, ferie eller helg.

– Men det er ikkje så lett etter ein lang sommarferie. Derfor er det beste tipset å gradvis prøve å kome tilbake til den normale døgnrytmen.

Hjelle seier det kan ta ein fire-fem dagar å snu døgnrytmen, visst du er vant til å vere opp ein time eller to lenger enn på ein vanleg skolekvardag.

Ole Petter Hjelle

Fastlege og hjerneforskar Ole Petter Hjelle har skrive bok om kor viktig det er med nok søvn.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Ikkje bruk dataskjerm

– Det er veldig mange barn og ungdomar, eg trur det er opp mot 90 prosent, som seier dei brukar skjerm den siste timen før dei skal legge seg. Det er ganske uheldig for søvnen, seier Hjelle.

Ein av grunnane er at du brukar av tida du normalt sett burde sove. Den andre er at det er vanskelegare å få sove når du har vore på dataskjerm ganske nyleg.

– Det handlar om at hjerneaktiviteten blir litt høgare når vi ser på skjermen. Det er søvnen sin fiende nummer ein, å bli stimulert like før du skal legge deg.

Men det handlar også om det lyset som blant anna mobiltelefonar skil ut.

– Det er mykje blått lys som sender ut signal til hjernen hos barn og ungdom om at nå er det dag, nå skal du ikkje sove. Og da skil vi ut mindre av eit viktig søvnhormon, melatonin. Så unngå å sjå på skjerm den siste timen før du skal legge deg.

Les også Bruken av sovehormon har mer enn tredoblet seg

Avheng av alderen

Hjelle seier det er avhengig av alderen kor mykje søvn ein treng.

– Men skolebarn treng mellom ni og elleve timar søvn biologisk sett. Og det er det ein veldig stor andel av norske skolebarn som ikkje får.

Hjelle seier at undersøkingar viser at skolebarn søv i gjennomsnitt ein og ein halv time mindre enn det som er deira biologiske behov.

Les også Barnehager blir bedt om å holde barn våkne – forsker reagerer

Må legge seg tidleg

Caspian fortel at storebror Vito likar å sove litt lenger, og viss han ikkje får sove nok, kan han bli litt sur. Dessutan har han bytta til ein skole som ligg litt lenger unna.

– Han må stå opp enda litt tidlegare. Og det trur eg ikkje han er så veldig glad for, seier Caspian.

– Eg trur det kjem til å gå greitt. Men eg kjem til å gje meg fem minutt ekstra i senga før eg står opp, seier Vito.

Guttane trur dei må legge seg tidlegare for å snu døgnrytmen før skolen startar.

– Mamma og pappa tenker nok det, seier Caspian.