Hopp til innhold

Fryktar fleire vil falle av studiane

– Det har vore blytungt for mange veldig lenge. Det her hjelper ikkje, seier Vidar Torbjørnsen ved Mental Helse Hjelpetelefonen.

Vidar Torbjørnsen er teamleder i Hjelpetelefonen og prosjektleder for det nye landsdekkende samtaletilbudet, Studenttelefonen.

Frykter dropout: Teamleiar Vidar Torbjørnsen i Mental Helse Hjelpetelefonen er bekymra for at koronarestriksjonane påverkar studentane negativt.

Foto: Privat

Måndag starta skuleåret for norske studentar. Men i siste time, laurdag, kom beskjeden om at studentane skal ha nettundervisning i to veker for å hindre smittespreiing av covid-19.

Ved Hjelpetelefonen, som blir drive frå Skien, er det ingen tvil om at det er eit tiltak som påverkar studentane negativt.

– Det er klart det er tøft. Eg er bekymra for både den psykiske helsa til studentane, og for evna til å gjennomføre studia. Det er store kostnader som ligg her, viss det er mange som må hoppe av, seier Vidar Torbjørnsen.

Han er prosjektleiar for Studenttelefonen, som snart blir studentanes eiga landsdekkjande samtaletilbod.

I mange år har studentar vore ei aukande gruppe blant dei som ringjer eller skriv til Hjelpetelefonen. Dei fleste slit med einsemd, fordi dei ikkje kjenner nokon på studiestaden. Dei sosiale restriksjonane har ikkje gjort det noko betre.

Torbjørnsen peikar på at studentane allereie har lagt bak seg eit krevjande år. Både vårsemesteret og haustsemesteret var i stor grad prega av digital undervisning for mange.

– For alle dei som opplever at dei får nye to veker til med fjernundervisning, så er det klart at det gjer noko med studieforholda. Det har vore blytungt for mange veldig lenge. Det her hjelper ikkje, for å seie det sånn, seier han.

Sit mykje åleine

Regjeringa håpar at smittetala vil gå ned ved at studentar som drog heim på juleferie, lèt vere å ta fly, tog og buss tilbake til studiestadene.

Karoline Lie er studentleiar ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Ho aksepterer dei nye tiltaka, men synest synd på studentane.

Karoline Lie er studentleder ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Studentleiar Karoline Lie ved USN seier ho har forståing for dei nye tiltaka.

Foto: Studentdemokratiet i Sørøst-Norge.

– Studentane har allereie ofra mykje. Eg synest det er trist at denne gruppa no blir utsett igjen.

Lie seier at studentane er slitne etter mykje digital undervisning i fjor.

– Mange sit mykje åleine. Dei gleder seg til treffe medstudentane sine igjen, og få i gang eit godt sosialt studie- og læringsmiljø.

Forstår studentane

Rektor ved USN, Petter Aasen, meiner det er ei god løysing å vente med fysisk undervisning, men veit at studentane ønskjer seg tilbake til studiestadene.

Rektor Petter Aasen, Høgskolen i Sørøst-Norge

Rektor Petter Aasen ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) trur det er ei god løysing å vente med fysisk undervisning på studiestadene.

Foto: Kristian Dugstad / NRK

– Alle forstår at det går på motivasjonen laus for studentane når det går både veker og månader der dei må sitje framfor ein skjerm, i staden for å vere på studiestadene og følgje studieprogramma, seier Aasen.

Han er òg klar over at tiltaka påverkar den psykiske helsa til studentane. Han fortel at universitetet derfor har faglege møteplassar på internett.

Studentane kan òg komme til studiestadene utanom undervisning. Då må dei følgje reglane for smittevern.