Hopp til innhold

Historisk låge kraftprisar: Fleire selskap betaler deg for å bruke straum

Kraftanalytikarar og NVE trur dei rekordlåge prisane vil halde seg lenge.

Kraftgaten gjennom Nordmarka, nord for Ullevålseter

FÅR BETALT FOR STRAUM: På Forbrukarrådet sin straumportal er det fleire som tilbyr kontraktar til nye kundar der du får betalt for å bruke straum.

Foto: Sissel Riibe

Det er historisk låge kraftprisar for tida på grunn av mykje vatn i vassmagasina og mykje snø i fjellet.

Nå kan du faktisk få betalt for straumen du brukar på enkelte straumavtaler.

– Du må vere veldig obs på når bindingstida går ut. Da blir avtalen ofte ein del dyrare, seier Thomas Iversen, juridisk rådgivar i Forbrukarrådet.

Han seier det er viktig å følgje med på når introduksjonstilbodet går ut.

– Dersom du skal spekulere i denne typen avtaler er det ein fordel om du legg utløpet av avtalen i kalenderen din, så du ikkje blir fanga i desse dyre avtalene.

Thomas Iversen, Forbrukerrådet

VÆR OBS: Pass på når avtalene går ut, seier Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbrukerrådet

Hensiktsmessig

På Forbrukarrådet sin straumportal er det nå fleire straumselskap som tilbyr nye kontraktar der du får betalt for å bruke straum. Det gjer dei for å få nye kundar.

– Det fører til at vi får mange nye kundar kvar einaste dag. Dessutan synest vi det er hyggeleg å bidra i ei vanskeleg tid, seier Sigrun Eggen i GNP Energy Noreg, med base i Sandefjord.

– Vi kan jo ikkje tape pengar på kundar i lang tid, men å sponse kundane for ein viss periode ser vi på som hensiktsmessig, seier Eggen.

Må tilbake 20 år

Ifølge NVE må vi 20 år tilbake for å finne like låge straumprisar. Måndag i veke 16 fekk vi den lågaste dagsprisen sidan år 2000, med ein gjennomsnittleg pris på 2, 68 øre/kWh.

I Danmark kan det bli negative straumprisar, på grunn av uvanleg høg vindkraftproduksjon. Og sjølv om det også påverkar Noreg så trur ikkje NVE at vi får negative prisar over tid.

– Det skal veldig mykje til. I Noreg kan kraftprodusentane justere ned produksjonen av vasskrafta og la vere å selje kraft frå vindkraftverka, dersom dei ikkje ønskjer negative prisar, seier Ann Myhrer Østenby i NVE.

Likevel kjem truleg dei låge prisane til å halde seg lenge.

– Det er masse snø i fjella som kjem til å smelte utover våren og renne ned i magasina. Derfor er produsentane avhengig av å produsere jamt og trutt nå for å ha plass til snøen som smeltar, seier kraftanalytikar Marius Holm Rennesund i THEMA Consulting.

Han spår at dei låge straumprisane vil halde seg utover sommaren, og kanskje hausten.

– Det kan bli straumprisar på i gjennomsnitt 5–6 øre gjennom sommaren, seier Holm Rennesund.