Hopp til innhold

Historisk funn i Andebu: Bronsealderøks oppdaga med metalldetektor

Øksa kan vere det første av sitt slag frå indre Vestfold. – Gratulerer, eit sjeldan funn, seier arkeolog Ragnar Orten Lie i Vestfold fylkeskommune.

En bronseøks fra bronsealder

UVERKELEG: – Eg er kjempestolt. Det er uverkeleg, seier Sharon Boyle etter å ha funne ei bronseøks frå bronsealder med metalldetektoren sin.

Foto: Helena Rønning / NRK

To dagar etter funnet er Sharon Boyle framleis stolt. Øksa fann ho med metalldetektoren på eit beite ved ein stall i Andebu i Sandefjord 5. juni.

– Ein trur jo det ikkje. Vesle meg, det er jo berre hobbyen min. Eg blei sett ut og er det ennå.

Ho er relativt ny i hobbyen. Utstyr kjøpte ho i fjor.

Etter rundt 20 søk det siste året, blei det altså blink. Eller rettare sagt; da gav metalldetektoren eit tydeleg signal.

– Den låg ikkje djupt, han låg vel 20 centimeter ned i jorda, seier Boyle.

Sharon Boyle

Boyle forstod ikkje først kva ho hadde funne.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Først var ho usikker på kva det var, og ropte på venninna i Vestfold og Telemark detektorklubb, som ho søkte saman med.

– Ho kom bort til meg og var i sjokk, seier Boyle.

Må levere inn funnet

Gjenstanden blei lagt ut på klubbens Facebookside. Då kom det inn meldingar om at dette var ein celt, ei holkøks frå bronsealderen.

Arkeolog Ragnar Orten Lie kan bekrefte at dette er ei celt-øks i bronse frå bronsealderen. Det er perioden 1800–500 år før Kristus.

– Det er berre å seie gratulerer med eit fint funn, seier Lie. Han har sett bilde av øksa og gler seg til å sjå nærare på henne.

– Dette ser vakkert ut, så dette er vi glad for.

Nå skal øksa leverast inn, bli registrert og undersøkt. For gjenstandar frå før 1537 er eigedommen til staten. Lie tar imot funn frå metallsøkarar og sender dei vidare til Kulturhistorisk museum.

Sharon Boyle

Boyle har berre søkt med metalldetektor i eit år før ho gjorde funnet av øksa frå steinalderen.

Foto: Helena Rønning / NRK

Uvanleg funn

Han seier dei har relativt få funn frå bronsealderen i Vestfold. Dessutan er det ikkje ofte dei får inn heile gjenstandar, som denne øksa.

Dei har fått rundt 50 gjenstandar i bronse frå bronsealderen frå arkeologar, metalldetektoristar og andre i fylket. Cirka 10 av dei står detektoristar bak, ifølge Lie.

– Så det er klart at dette er eit forholdsvis sjeldan funn. Det andre er at dei fleste funna vi kjenner frå denne tida, er gjort i jordbruksbygdene og ved kysten av Larvik og Sandefjord.

Så vidt han kjenner til, har dei ikkje fått inn funn frå bronsealderen frå indre Vestfold.

Arkeolog Ragnar Orten Lie i Vestfold fylkeskommune sitter på kontoret sitt foran en datamaskin.

Arkeolog Ragnar Orten Lie i Vestfold fylkeskommune kjenner ikkje til at det er gjort bronsefunn frå bronsealder i indre Vestfold før.

Foto: Helena Rønning / NRK

Ein reiskap som blei lagd i grev og i ofringar

Han seier bronse på den tida var ettertrakta og kostbart.

– Den typen øks er kanskje noko vi forventar var i ei grav frå bronsealderen eller i nærleiken av eit busettingsområde.

Øksa var ein vanleg reiskap, men kunne også bli brukt til ofring. Då kan det ligge fleire i området, seier han. Han er spent på å sjå på funnplassen òg.

Meir spennande dess eldre funne er

Leiar Espen Jørgensen i Vestfold og Telemark detektorklubb er også glad over funne frå medlemmen i klubben sin.

Espen Jørgensen, leder av Vestfold og Telemark detektorklubb

Leier Espen Jørgensen av Vestfold og Telemark detektorklubb seier dei ikkje er vande til å finne gjenstandar frå bronsealderen.

Foto: privat

– Det er ein tidsperiode som vi kanskje ikkje er vande å finne noko frå. Her i Vestfold er det mykje frå vikingtid og oppover. Så det å finne ei celt øks er fantastisk.

For den glade finnaren i Andebu gjer det inntrykket å ha ein så gammal gjenstand i handa.

– Eg synest han er kjempevakker. Eg held på noko som er så gammalt. Det trur eg ikkje eg får gjere igjen, seier Boyle.

Les også Erlend fant århundrets gullskatt i Norge

Gullfunnet ble levert hos 
Arkeologisk museum ved 
Universitetet i Stavanger dagen 
etter at det ble funnet.